Raftevold hotel uteanlegg foto havila hotel raftevold 11
RAFTEVOLD-HOTELLET: Ørsta-selskapet har dei siste åra mellom anna utført oppdrag ved uteanlegget til Havila Hotel Raftevold. Foto: Havila Hotel Raftevold
Nytt

Nær rekordår for Ørsta-entreprenør

Henta inn det tapte etter koronabrems.

Marius Rosbach
09.03.2021

Anleggsservice Ørsta var berre nokre tusen kroner frå rekordomsetning i fjor, ifølgje årsrapporten som nyleg blei offentleg.

Selskapet driv entreprenørverksemd med maskinar, steinarbeid, muring og flislegging. Dei tek mellom anna på seg oppdrag med å opparbeide utemiljø og grave tomter og klargjere for asfaltering.

I løpet av dei siste åra har dei mellom anna utført arbeid ved uteområdet til Havila Hotel Raftevold på Grodås.

Fekk koronabrems
I årsrapporten kjem det fram at aktiviteten blei «svært redusert» etter at koronapandemien slo til. Andre halvår blei likevel så bra at dei klarte å hente inn att det tapte.

Styret og dagleg leiar Trond Eriksen seier seg nøgd med at dei klarte å levere eit resultat på nivå med året i førevegen (sjå tabell under).

Meir enn dobla omsetning sidan 2015
Entreprenørselskapet ble først etablert i 2009 under eit anna namn, men endra til dagens namn i 2015. Sidan den gong er inntektene meir enn dobla.

Resultata har heile tida vore på plussida og eigenkapitalen er auka jamt og trutt til nær 1,9 millionar ved utløpet av 2020.

Ved utløpet av 2020 hadde dei fem tilsette.

Anleggsservice Ørsta AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 9,82 9,83
Driftsresultat 0,45 0,57
Res. før skatt 0,42 0,53

Publisert: 09.03.2021 09:18

Sist oppdatert: 24.06.2021 12:25

Mer om