Gro Linn Gamst er ein av bedrifttsleiarane som brukar dagen som jurymedlem under fylkesmeisterskapet på NMK i Ålesund i dag.
Ho er dagleg leiar og grunnleggar av reisearrangørselskapet Nordfolk i Ålesund.
– Vi har eit ansvar med å bidra og kunne hjelpe dei. Guide og heie på dei som også har lyst til å bli gründerar, eller starte for seg sjølv. Viss ikkje vi i næringslivet som driv bedrifter kan bidra, eller er interessert, korleis i all skal verda skal vi gi dei inspirasjon til å gutse , og satse og tørre, viss ikkje vi kan vere eit forbilde, seier Gamst.
Motiverande å bli sett
Dagleg leiar Lars Øyvind Baltzersen i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal seier tilbakemeldinga frå elevane er klar:
Å bli sett og få tilbakemelding frå vaksne med næringslivserfaring er motiverande. Difor er det viktig at bedriftsleiarane stiller opp, seier han.
Ungt Entrepreønskap er ein organisasjon som arbeider for å stimulere til innovasjon og gründerskap i skulen, både i ungdomsskulen, i vidaregåande skule og på universitet og høgskular
Dagens arrangement er retta mot elevane på vidaregånde skular, der 52 elevbedrifter fordelt på dei fleste vidaregåande skulane i Møre og Romsdal er med i konkurransen i ei rekke katagoriar.

Frå fiskemjøl til fiskesluk
Ungdomsbedrifta ReBait frå Ålesund vidargåande skule har utvikla den første prototypen av ein fiskesluk, der slukskeia er basert på kverna og samanpressa fiskemjøl.
Ideen er først og fremst retta mot sports- og hobbyfiskarar. Med ReBait sin fiskesluk treng dei ikkje lenger å ha dårleg samvet for å etterlate seg metall som forureining dersom sluken skulle sette seg fast i botnen. Rebait sin sluk skal etterkvart løyse seg opp i vatnet.
Håpet deira er å vinne den gjevaste kategorien - Beste Ungdomsbedrift - og dermed også få delta i den nasjonale finalen seinare i år.
Publisert: 11.03.2026 12:20
Sist oppdatert: 11.03.2026 13:08






