Hans Petter Hildre Næringsteft 2222 Molde nov foto Sparebanken Møre
START: NTNU-professor Hans Petter Hildre snakkar om entreprenørskap og designtenking på den første samling for Næringsteftdeltakarane i 2021/2022-sesongen. Foto: Sparebanken Møre
Nytt

Næringsteft i gang

63 påmeldte i Næringsteft 2021/2022.

23.11.2021

I dag er deltakarane i lokala til innovasjonslaben Protomore i Molde, på den første samlinga i 2021/2022- sesongen av Næringsteft. Årets sesong er den femte i rekka.

Når vinnaren blir offentlegjort under arrangørene Sparebanken Møre sin investeringskonferansen 10. mars neste år, møtes deltakarane for sjette gang.

Mellom dei fysiske møta blir det nettmøte kvar tysdag.

Basert på tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar er tilbodet til deltakarane i årets sesong utvida.

Alle deltakarane får meir omfattande kursing i det å opprette og drive eit selskap enn i førre sesong. Alle dei 15 semifinalistane får meir tid med eigne mentorar, både til å utvikle og presentere forretningsplanen sin.

Vinnaren får ein million kroner i premie, nummer to og tre får 200.000 kroner kvar og dei øvrige semifinalistane får 50.000 kroner.

Publisert: 23.11.2021 12:00

Sist oppdatert: 09.02.2022 15:16

Mer om