Exotek kjørtøy på tur Næringsteftfinale foto Exotek 1
TIL TOPPS: Sigurd Groven i Exotek førsteprisen i Næringsteftkonkurransen (innfelt) i førre sesong for satsing på eit terrenggåande køyretøy som kan ta også dei som ikkje kan gå ut i naturen. Foto:Exotek/Fuglefjellet.
Nytt

Meir av alt i Næringsteft

Næringsteft utvidar tilbodet til deltakarane og held fast ved breiddestrategi.

09.11.2021

Berre tre av Næringsteft-deltakarane hadde over ein million kroner i driftsinntekter i 2019, viser ei vurdering som arrangøren Sparebanken Møre fekk gjort i vår.

Det uroar ikkje prosjektleiar for arrangement, Linda Rafteseth Grimstad i Sparebanken Møre.

- Spesielt når du driv med nyskaping så er du i ein«dødens dal» og mange av bedriftene er der enno, seier ho.

«Dødens dal» er eit utrykk for tida etter at eit selskap er etablert, og fram til det byrjar å tene pengar og går med overskot.

Podium

E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.

Fleire enn i fjor
Påmeldingsfristen for 2021/2022-sesongen - den femte i rekka - er fredag 12. november. Så langt er 32 bedrifter/personar påmeldt. Det er fleire enn kor mange som var påmeldt på same tid i høve til påmeldingsfristen i førre sesong. Då var 70 deltakarar påmeldt då fristen gjekk ut.

Hovudmålgruppa for Næringsteft er nyetablerte bedrifter, eller folk som arbeider med ein ide og planlegg etablering.

Den lina vil arrangementet halde seg på også i år.

- Vår oppdrag er å løfte breidda, seier Rafteseth Grimstad.

Meir tid

Meir tid med rådgivarar er noko tidlegare Næringsteftdeltakarar ha etterlyst, går det fram av vurderingsrapporten, som selskapet Brand Valley har skrive.

I komande sesong får deltakarane det ønskjet oppfylt. Alle deltakarane får meir omfattande kursing i det å opprette og drive eit selskap enn i førre sesong. Alle dei 15 semifinalistane får meir tid med eigne mentorar, både til å utvikle og presentere forretningsplanen sin.

Næringsteft startar med ei felles samling i Molde 23.-24. november. Når vinnaren blir offentlegjort under Sparebanken Møre sin investeringskonferansen 10. mars neste år, møtes deltakarane for sjette gang.

Vinnaren får ein million kroner i premie, nummer to og tre får 200.000 kroner kvar og dei øvrige semifinalistane får 50.000 kroner.

Publisert: 09.11.2021 06:00

Sist oppdatert: 08.11.2021 23:59

Mer om