Sunny Lady 1 foto Teige Gruppen
FISK OG OLJE: Fiskebåten Sunny Lady er også bygd for andre oppdrag. I sommar skal den i arbeid for Ross Offshore. Foto: Teige Gruppen
Nytt

Offshore-avtale for Sunny Lady

Fiskebåten skal i oppdrag for Ross Offshore i sommar.

10.03.2023

Teige Gruppen, som eig Sunny Lady, fekk båten bygd og sertifisert også som lastefartøy.

Det ville opne for oppdrag også innan offshore, forsking og som reint lastefartøy, sa reiar Sigurd Teige båten kom til Herøy i november i fjor.

Poenget var å få oppdrag og inntekter frå båten også den tida den ikkje er i fiske. og i dag melder Teige Gruppen om ein avtale med Bergens-baserte Ross Offshore.

Langsiktig samarbeid
- Både gjennom design og utrusting er Sunny Lady tilpassa til å kunne operere innan enkelte offshoresegment og dermed kunne ha ein aktivitet som gjer det mogleg med heilårsdrift for mannskap og reiarlag. Ross Offshore er ein betydeleg og stor aktør i denne marknaden og det er gledeleg å kunne få i havn denne avtalen, seier Sigurd Teige i ei pressemelding.

Sunny Lady blir mellom anna utstyrt med ein fjernstyrt undervassrobot for kartlegge havbotn og miljø for Ross Offshore.

Partane legg opp til eit langsiktig samarbeid, ifølgje pressemeldinga.

400 millionar
Sunny Lady har truleg har ein prislapp på nærare 400 milllionar kroner skreiv NETT NO i november i fjor. Ekstrainvesteringa for å utruste skipet for andre oppdrag er fiske er omlag ti millionar kroner, sa Teige.

Han anslo at Sunny Lady vil kunne ta kvoten sin i løpet av 200 dagar og dermed vere ledig for andre oppdrag resten av året.

Publisert: 10.03.2023 12:35

Sist oppdatert: 10.03.2023 15:26

Mer om