Sunny Lady foto Egersund Herøy på Facebook 22
UT PÅ PRØVEFISKE: Om kort setter Sunny Lady kursen for prøvefiske og deretter Barentshavet for å ta resten av sildekvota. Foto: Egersund Herøy på Facebook
Nytt

Meir enn ein fiskebåt

Reiaren spent på om dei får «payback» på ekstrainvesteringa i Sunny Lady. Dei har allereie fått første førespurnadene.

Marius Rosbach
30.11.2022

Den siste veka har det nyaste tilskotet i flåten til Teige Gruppen, vore til kai på Mjølstadneset. Etter ankomst til Norge frå verftet i Tyrkia, er Sunny Lady vorte utrusta med vegn og utstyr, mellom anna frå Egersund Herøy og Fosnot.

– No blir det testa ein del ting om bord. Så reknar vi med å dra på prøvefisketur i løpet av ein dag, eller to, fortel reiar Sigurd Teige til NETT NO.

Sunny Lady bru Foto Teige Gruppen på Facebook
AVANSERT UTSTYRT: Sunny Lady har naturleg nok topp moderne utstyr om bord for å hjelpe mannskapet til å handtere fartøyet. Foto Teige Gruppen på Facebook

Prislapp på nær 400 millionar
Nybygget som truleg har ein prislapp på nærare 400 milllionar kroner, er ikkje berre ein av dei absolutt største fiskebåtane her til lands.

Det 86,5 meter lange ringnotsnurpar- og trålarfartøyet, er også bygd slik at det kan gjere nytte for seg på ulike måtar.

– Med bra effektivitet på båten, så bør ein klare å fiske kvotene på kring 200 dagar – eller om lag eit halvår. Då er det viktig for oss å ha eit opplegg som kan gi meir drift, fortel Teige.

Sunny Lady akter forut foto Egersund Herøy på Facebook 11
FLEIRE BRUKSMÅTAR: Det 86,5 meter lange ringnotsnurpar- og trålarfartøyet er mellom dei største fiskebåtane i landet - og kan ta oppdrag i fleire marknader. Foto: Egersund Herøy på Facebook
Kun framtida vil vise om vi får «payback» på dette
Sigurd Teige

Har hatt førespurnader
Fordi båten er sertifisert som lastfartøy i tillegg til fiskeri, gir det mulegheiter for alternativ drift i periodene utan fiske.

– Då opnar det seg mulegheiter for oppdrag innan offshore, forsking og som reint lastefartøy, seier han.

Teige fortel at ekstrainvesteringane knytt til alternative driftsformer, er på kring ti millionar kroner. Han fortel at det er for tidleg å seie kva for interesse det er for båten i dei ulike marknadene.

– Kun framtida vil vise om vi får «payback» på dette. No må vi først vise fram båten og teste at ting fungerer som vi har tenkt, men vi har hatt nokre konkrete førespurnader, fortel Teige.

Sunny Lady interiør Foto Teige Gruppen på Facebook
KOMFORTABELT: Reiarlaget skal sette inn to skift på ti personar om bord på Sunny Lady. Innreiinga er av det komfortable slaget. Foto: Teige Gruppen på Facebook

Skal nordpå for sildefiske
Hovudverksemda til Sunny Lady er fiske etter sild og makrell. Testfisket båten no skal ut på, er som ei forlenging av prøveturen på verftet. To skift med eit mannskap på ti kvar skal bemanne båten framover.

– Når vi er ferdig med det, har vi litt kvote att på NVG-sild som vi tenker prøve fiske nordpå, seier Teige.

Om bord er det teke ein rekke grep for redusere forbruk av drivstoff og utslepp av Co2. Prosjektleiar Ole Kristensen hos Teige-reiarlaget, har tidlegare omtala båten som ein hybrid-Toyota til sjøs.

Båten har LNG-framdrift, med ein 350 kubikkmeter stor gasstank, i kombinasjon med diesel og batteri.

Publisert: 30.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 29.11.2022 23:51

Mer om