Offshore mot straumen
Risikoen auker i store delar av næringslivet – og nokre bransjer er meir utsett, vurderer Sparebank 1 SMN.
Sparebank 1 SMN kom fredag med sin rapport for tredje kvartal, som viser fortsatt låge tap.
I rapporten påpeiker banken er det er teikn til mindre press i økonomien, og at raske renteauker kan hindre inflasjonen å i stabilisere seg på eit høgt nivå.
– Sterk prisvekst og auka renter begynner å påverke handlingsrommet i folk sin privatøkonomi. Men både folk og bedrifter i Midt-Norge ser ut til å tåle dette godt so langt, noko vi ser igjen i god inntening og fortsatt låge tap, kommentererer konsernsjef i SpareBank 1 SMN Jan-Frode Janson.
Risikoen auker i mange bransjer
Banken vurderer at risikoutviklinga i porteføljen for næringslivet er akseptabel.
Offshore er no bransjen der banken ser framleis forbetring – medan det er auka risiko for anna næringsliv grunna høgare inflasjon og renter.
Bygg- og anlegg, varehandel og næringseigedom er bransjer er som er meir utsett enn andre.
Niåvet for konkursar i Møre og Romsdal og Trøndelag er framleis ikkje tilbake på nivået før pandemien, sjølv om det var ei auke i varehandel og tenesteyting i september.
Mindre på botnlinja
Resultatet for Sparebank 1 SMN i kvartalet vart svakare enn same periode i fjor, noko som blir forklart med dårlegare resultat for forsikringsselskapa i konsernet (sjå tabell under).
Netto renteinntekter vart 811 millionar kroner, mot 707 millionar i samme i fjor. Utlånsveksten i kvartalet var på 1,7 prosen.
Les børsmeldinga (ekstern lenke)
Sparebank1 SMN | ||
Per 3. kvartal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Inntekt | 4.718 | 5.042 |
Resultat før tap | 2.511 | 2.814 |
Resultat før skatt | 2.685 | 3.501 |
Sparebank1 SMN | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 1.499 | 1.578 |
Resultat før tap | 810 | 880 |
Resultat før skatt | 788 | 849 |
Publisert: 28.10.2022 10:59
Sist oppdatert: 28.10.2022 12:33