Jon Ove Stokke Ronny Almenning Trond Inge Kvernevik Ontec Måløy foto Ogne 2023 11 24 105701 rhpo 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf f15bbfde3dc1a14012b0b5f628033328
NÆR MÅL: Investorane Jon Ove Stokke (t.v.) og Ronny Magne Almenning har vore pådrivarar for det landbaserte oppdrettsanlegget ved Måløy. Biletet er frå 2021, like etter at eit utviding av det landbaserte anlegget var i gang. Til høgre dagleg leiar Trond-Inge Kvernevik. Arkivfoto: Ogne Øyehaug.
Nytt

OFS nesten i mål

Manglar 5,3 millionar kroner før kapitalutviding er i boks.

04.03.2024

I førre veke teikna fleire investorar seg for rundt fem millionar kroner i kapitalutvidinga i det landbaserte oppdrettselskapet OFS ved Måløy.

Selskapet manglar no 5,3 millionar kroner på å nå minstemålet for kapitalutviding, 56,25 millionar kroner.

- Vi forventar at vi kjem i mål, seier medeigar og styreleiar Ronny Magne Almenning.

Utvida kapasitet
Pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere neste steg med utbygging og auka produksjonskapasitet til selskapet.

OFS sitt landbaserte anlegg ligg mellom Måløy og Raudeberg i tidlegare Vågsøy kommune. Selskapet har gjennomført si første slakting og satsar på å vere i gang med kommersiell aktivitet neste år.

Forlenga frist
Kapitalutvidinga til OFS blir gjort gjennom Dealflow, eit selskap som har spesialisert seg på å spleise selskap med mindre investorar.

Teikningsperioden til OFS si kapitalutvidin starta før jul i 2023 opg målet var at kapitalutvidinga skulle vere fullført innan 2023 var ute. Så raskt har det ikkje gått, og fristen for å teikne seg har vore forlenga fleire gangar.

Publisert: 04.03.2024 09:30

Sist oppdatert: 04.03.2024 09:30

Mer om