Olje siger til staten
Nytt

Olje-siger til staten

Oljeleiting i Barentshavet er ikkje i strid med grunnlova.

22.12.2020
Natur og Ungdom, Föreningen Greenpeace Norden, Naturvernforbundet og Besteforeldrenes klimaaksjon har tapt søksmålet mot Staten om oljeleiting i Barentshavet. Dei tapte i lagmannsretten og anka til Høgsterett.
"Høgsterett i plenum – femten dommarar – sa 22. desember 2020 dom i det såkalla klimasøksmålet. Anken over lagmannsrettens dom, der staten vart frifunnen, vart forkasta med elleve mot fire røyster. Mindretalet kom til at anken måtte føre fram så langt han gjaldt tildeling av utvinningsløyve i Barentshavet søraust.", skriv Høgsterett i si oppsummering av dommen.

Striden gjeld tildelinga av ti utvinningsløyve for petroleum på den norske kontinentalsokkelen i Barentshavet sør og Barentshavet søraust, den 23. konsesjonsrunden. Resolusjonen frå 2016 var tufta på samtykke frå Stortinget mellom anna gjennom vedtak om opning av Barentshavet for petroleumsverksemd i 1989 og 2013.
Miljø- og naturvernorganisasjonane meinte tildelinga var "i strid med grunnlova paragraf 112 om retten til miljø, men også om vedtaket er i strid med Grunnlova paragraf 93 om retten til liv eller paragraf 102 om retten til privatliv og familieliv og dei tilsvarande rettane i Den europeiske menneskerettskonvensjonen – EMK – artikkel 2 og 8, eller om vedtaket elles er ugyldig som fylgje av sakshandsamingsfeil."
Høgsterett kom, særlig på bakgrunn av førehistoria og førearbeida til grunnlovsføresegna, samrøystes til at det klare utgangspunktet er at det er opp til styresmaktene kva for miljøtiltak som skal setjast i verk. Grunnlova § 112 vil likevel kunne nyttast direkte for domstolane når det gjeld miljøproblem som lovgjevarane ikkje har teke stilling til.

Publisert: 22.12.2020 13:01

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:45