IKKJE BRUK DETTE
Hushalda som har ein bensin- eller dieselpris, vil merke auken i oljeprisen først, seier sjefanalytikar Thina Saltvedt i Nordea. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Nytt

Oljen over 100 dollar fatet

Høgaste råoljepris sidan sommaren 2022.

09.03.2026

NPK-NTB – Kristian Fauske Blindheim: Norske forbrukarar merkar prishopet på bensin- og dieselprisane, ifølgje sjefanalytikar Thina Saltvedt i Nordea. Sidan USA og Israel gjekk til krig mot Iran 28. februar har oljeprisent stige over 45 prosent. 

Den siste veka har prisane på bensin og diesel vore opp mot 25 kroner literen i Noreg.

I helga vart fleire oljelager i Iran bomba, og dessutan eit av dei største oljeraffineria i verda, Ras Tanura, i Saudi-Arabia. Måndag har oljeprisen vore opp mot 120 dollar fatet. Før Iran-krigen braut ut og mesteparten av skipstrafikken gjennom Hormuzsundet stansa, låg prisen på godt og vel 70 dollar.

– Om ein skal sjå på det vanlege norske hushaldet eller privatpersonar, så er det klart at dei som har ein bensin- eller dieselbil, merkar det først. Det tek ikkje så veldig lang tid før auken i råoljeprisen blir overført til bensin- og dieselprisane, seier sjefanalytikar Thina Saltvedt i Nordea til NTB. 

Saltvedt forklarer at drivstoffprisane aukar fordi når prisen på råolje, som er raffineria sin innsatsfaktor, aukar, så må raffineria leggje det inn i produksjonsprisen sin. 

 – Då vil jo prisane på bensin og diesel, som dei sel til marknaden, auke, seier sjefanalytikaren. 

Krev avgiftskutt
Norges Automobliforbund (NAF) fryktar eit langvarig prishopp på drivstoff og krev avgiftskutt.

– Når prisane først går opp, fryktar vi det kan bli langvarig. Vi meiner det er viktig å skjerme bilistane frå skyhøge pumpeprisar. Viss prisane bit seg fast på eit høgt nivå, må avgiftene kuttast, seier pressesjef Ingunn Handagard i NAF i ei pressemelding.

Det siste året har prisane på bensin og diesel i snitt lege på rundt 20 kroner per liter, viser SSBs prisoversikt. Den siste veka har prisane passert 25 kroner per liter.

Vegbruksavgifta på bensin er på 3,77  kr per liter, og på diesel er avgifta 2,28 kroner per liter. I tillegg kjem CO2-avgift og moms.

Då prisane steig kraftig som følgje av Russlands invasjon av Ukraina, valde regjeringa ikkje å kutte avgiftene.

Dyrare frakt
Dyrare drivstoff kan og slå ut på fraktkostnadane.

– Stort sett alle varer vi kjøper, blir jo frakta eit stykke. Noko blir importert og frakta lenger, avhengig av kva det er for noko. Noko frakta med fly, noko med skip, noko med tog og noko med lastebilar. Alt frå flybensin til diesel går jo no opp i pris, seier Saltvedt. 

Ho forklarer at mykje av dei auka fraktprisane kan velte over i utsalsprisane. Produkt som blir laga av fossil energi, som plastprodukt, kan også auke i pris. 

Rundt 20 prosent av oljeforsyninga i verda blir frakta gjennom Hormuzsundet kvar dag. Stenginga har ført til at oljelagera til mellom anna Kuwait og Dei sameinte arabiske emirata rakst har fylt seg opp – dei har derfor byrja å redusere produksjonen, forklarer Saltvedt. Det førte til ei kraftig opning i oljeprisane ved opninga av børsane i Asia måndag. 

– Det tek tid å skru ned produksjonen, og det tek endå lengre tid å skru opp produksjonen, seier sjefanalytikaren.

Kan bidra til inflasjon og renteuro
– Om ein får ei jamnare prisstigning, og det er jo litt det ein har snakka om no, så er det jo då om denne prisstiginga bidreg til inflasjon at sentralbanken må vurdere å setje ned renta, slik at ho blir flatare. Eller at ein rett og slett må setje opp renta, seier Saltvedt. 

Men ho presiserer at det vil ta litt tid før den effekten kjem. 

Kor lenge oljeprisen held seg høgt og kor høgt han kan stige, vil avhenge av kor fort det blir trygt igjen å segle gjennom Hormuzsundet, kor mykje produksjon som må stenge ned og kor store eventuelle øydeleggingar av infrastrukturar blir, ifølgje Saltvedt. 

Publisert: 09.03.2026 13:21

Sist oppdatert: 09.03.2026 13:21