Island discoverer dåp ulsteinvik foto marius 11 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c 1
COMEBACK: Før koronakrisa var det ein gryande optimisme hos offshorereiarane. No er oljeprisen tilbake på før-korona-nivå. Denne veke vart PSV-en Island Discoverer døypt, den første dåpen av ein PSV på Nordvestlandet på to år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Oljeprisen over 70 dollar

Oljeprisen har ikkje vore høgare sidan mai 2019, og heile prisfallet frå koronakrisa er henta inn.

01.06.2021

Ved inngangen til 2020 var oljeprisen 66 dollar fatet. Etterkvart som koronakrisa utvikla seg og vaks gjekk oljeprisen inn i eit stup som ikkje stopp før prisen dukka under 20 dollar fatet i april 2020.

Etterpå har det gått oppover i rykk og napp, og i dag passert prisen 70 dollar fatet for første gang på to år.

Skjermbilde 2021 06 01 kl 13 43 12
OPP IGJEN: I slutten av april 2020 dukka prisen på eitt fat Nordsjøolje under 20 dollar. I dag passerte prisen 70 dollar fatet.Kilde: Dagens Næringsliv

Organisasjonen for oljeproduserande land, Opec, skal møtes i dag for å diskutere kor mykje olje dei vil produsere framover, skriv Reuters.Det er venta at Opec- landa, saman med Russland, vil halde seg til sin tidlegare plan om å gradvis auke produksjonen i takt med at ein ventar auke i oljeetterspørselen etterkvart som koronakrisa går. Då blir reiserestriksjonar og andre smitteverntiltak som har redusert oljeforbruket oppheva.

Publisert: 01.06.2021 14:27

Sist oppdatert: 01.06.2021 14:29