Island discoverer dåp ulsteinvik foto marius 11
ULSTEINVIK: PSV-en Island Discoverer blei døypt i Ulsteinvik måndag. Det er første gong på to år at det blir døypt eit forsyningsskip på Nordvestlandet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Dåp og overlevering av Island Offshore-skip

Reiarlaget meiner tidspunktet er rett til å ta i mot skipet som blei sjøsett for meir enn fem år sidan.

Marius Rosbach
31.05.2021

Island Offshore arrangerte måndag dåp for forsyningsskipet Island Discoverer. Det heile skjedde ved ein enkel seremoni i Ulsteinvik med Claudia Hessen som gudmor. Skipet blei formelt overlevert frå Vard Langsten same dag.

– Det er alltid kjekt å ta i mot nye båtar, fortel reiarsjef Tommy Walaunet i Island Offshore til NETT NO.

To år sidan sist PSV-dåp
Island Offshore stod sjølv for den førre dåpen av eit offshoreskip på Nordvestlandet, med Island Victory i fjor vinter.

Den siste PSV-en som blei døypt på desse kantar, er Sverre Farstad & Co sitt skip Farland. Dåpen samla mykje folk i Ålesund sentrum i mai for to år sidan.

Seremonien for Island Discoverer var langt enklare, ikkje minst grunna koronapandemien.

– Rett tidspunkt
Island Offshore-sjefen ser fram til å sette skipet i arbeid i ein marknad som viser teikn til betring, etter mange krevjande år.

– Det er ikkje teke levering i påvente av betre marknadsutsikter og for å få på plass den finansielle løysinga. No meiner vi det er rett tidspunkt å ta ut båten og sette den i arbeid. I første omgang skal den ut i spotmarknaden på norsk side i Nordsjøen, fortel Walaunet.

Sjøsett i 2015
Skipet med UT-717-design var under bygging allereie då oljeprisfallet slo inn i 2014-2015, og blei sjøsett for seks år sidan.

Etter at skipet var ferdig frå Vard Brevik-verftet, blei det slept til Langsten-verftet i Tomrefjord. Der er det gjort mindre sluttarbeid og førebuingar framfor overleveringa.

Publisert: 31.05.2021 13:30

Sist oppdatert: 31.05.2021 13:37

Mer om