Datasenteret i den tidlegare olivingruva mellom Nordfjordeid og Måløy har tilsagn om tilgang til ei straumforsyning med ein kapasitet på 80 MW. I dag er halvparten av kapasiteten utnytta, men allereie neste år reknar selskapet med å inngå kontraktar som gjer at heile kapasiteten trengst.
Det fortel marknadsdirektør Mats Andersson i datasenterselskapet. Lefdal Mine Datacenter har hatt sterk vekst, og ventar vekst også det komande året.
Selskapet har nyleg signert avtale om bygging av eit nytt administrasjonsbygg og ventar å kome opp i 50 eigne tilsette i løpet av 2025.
Har søkt om meir
Lefdal Mine Datacenter har søknad om ytterlegare utvida straumoverføringskapasitet inne, og sjølv om forventingane om nye kontraktar neste år slår til vil ikkje behovet for meir straum vere akutt.
Det tek tid å bygge datalagringsanlegg inne i gruva og anlegg knytt til nye kontraktar blir første klare i 2026/2027, ifølgje Andersson.
Først når dei anlegga er klare treng selskapet meir overføringskapasitet for å vekse.
Amerikansk fond er eigar
Ideen til og oppbygginga av Lefdal Mine Datacenter oppsto i Måløymiljøet rundt it-selskapet Localhost og investorane Gunnar Karlson og brørne Svein og Egil Skibenes.
I 2020 skaut investeringsfondet det amerikanske investeringsfondet "The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund" og det tyske It-infrastrukturselskapet Rittal inn saman 20 millionar Euro - omlag 220 millionar kroner - inn som ny eigenkapital inn i Lefdal Mine Datacenter.
Samstundes vart Måløy-miljøet og resten av dei norske aksjonærarane kjøpt ut.
Les også
Publisert: 18.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 24.06.2025 18:52