Nye i Sykkylven 1
NYTT KONTOR: Cecilie Eide er avdelingsleiar i Sparebank 1 SMN sitt nye kontor i Sykkylven. Thor-Ole Oterhals sitt selskap SR Rekneskap blir no ein del av Sparebank 1 Regnskapshuset SMN og blir samlokalisert med avdelingskontoret. Foto: Sparebank 1 SMN
Nytt

Opnar kontor i Sykkylven

Sparebank 1 SMN kjøper lokalt rekneskapbyrå.

28.02.2024

Dei sju tilsette i SR-Rekneskap i Sykkylven blir ein del av Sparebank 1 Regnskapshuset SMN etter at det lokale rekneskapsfirmaet er kjøpt opp av banken.

No skal dei samlokaliserast med bankkollegaer i eit nytt avdelingskontor som Sparebank 1 SMN opnar i Sykkylven.

Cecilie Eide skal leie det nye kontoret, som får om lag ti tilsette til saman.

Kjøpet av SR-Rekneskap, er det førebels siste av ei rekkje kjøp av rekneskapbyrå Sparebank 1 SMN har gjort på Nordvestlandet.

Vekstambisjonar
Allereie i 2017 varsla banken store vekstambisjonar på Nordvestlandet, etter å ha kjøpt fem kjøpt fem mindre reknskapsføringselskap på Søre Sunnmøre; SR Volda, Hareid Regnskapsservice, Ørsta Rekneskap, PR Regnskap i Ulstein og Data Informasjon i Ørsta.

I dag har Sparebank 1 Regnskapshuset SMN tilsaman omlag 110 tilsette på Sunnmøre og i Molde, Rauma og Vestnes.

Sindre Lauvås, som er leiar for verksemda på Nordre Sunnmøre, seier selskapet registrerer interesse frå fleire frittståande selskap om å bli ein del av Sparebank 1 Regnskapashuset SMN.

- Vi er veldig godt rigga for å ta i mot fleire, seier Lauvås.

Ein eigar
SR-Rekneskap vart etablert i 1986 og var eigd av dagleg leiar Thor-Ole Oterhals, direkte og gjennom selskapet Oterhals Invest.

I 2022 hadde selskapet 8,4 millionar kroner i driftsinntekt og 1,4 millionar kroner i resultat før skatt.

Databasen proff.no viser ein uavbroten vekst i inntektene sidan 1998 og overskot kvart år.

Publisert: 28.02.2024 11:26

Sist oppdatert: 28.02.2024 12:27

Mer om