Satsar i rekneskapsfoerings bransjen
ALLIANSEN: Administrerande direktør Stig Brautaset (t.h) i Sparebank 1 Søre Sunnmøre allierere seg med administrerande direktør Jon Havdal i Sparebank 1 Regnskapshuset SMN og satsar på konsolidering i rekneskapsførings-bransjen på Sunnmøre.
Nytt

Satsar i rekneskapsførings-bransjen

Sunnmøre har rundt 100 reknskapsførings-selskap. Det kjem til å bli færre og større.

09.02.2017
- Bransjen på Sunnmøre er veldig fragmentert, seier Jon Havdal, leiar for Sparebank 1 Regnskapshuset SMN.
I løpet av kort tid har selskapet kjøpt fem mindre reknskapsføringselskap på Søre Sunnmøre; SR Volda, Hareid Regnskapsservice, Ørsta Rekneskap, PR Regnskap i Ulstein og Data Informasjon i Ørsta.
Dei fem selskapa har til saman rundt 30 tilsette og hadde 22 millionar kroner i driftsinntekter i 2015.
Sparebank 1 Regnskapshuset SMN har 360 tilsette, 38 kontor i Møre og Romsdal og Trøndelag og ventar 360 millionar kroner i driftsinntekter i år. Selskapet er ein del av ei landsomfattande kjede av rekneskapsførings-selskap i sparebank-regi, med til saman rundt 1000 tilsette.

10 millionar

Havdal seier eit rekneskapsføringsselskap typisk blir prisa til halvparten av driftsinntektene. Gjeld det også på Sunnmøre har eigarane fått i overkant av tilsaman 10 millionar kroner for dei fem selskapa som Sparebank 1 Regnskapshuset SMN har kjøpt.
Selskapa er no ein del av Sparebank 1 Regnskapshuset SMN , der Sparebank 1 Søre Sunnmøre har kjøpt seg inn og eit 4,82 prosent av aksjane, medan Sparebank 1 SMN eig resten.
Havdal seier til NETT NO at han trur på ei konsolidering på Sunnmøre, ei konsolidering som Sparebank 1 Regnskapshuset SMN vil vere med på.
Den teknologiske utviklinga har gjort reknskapsføringa enklare. Det som er rutinearbeid er eller er i ferd med å bli erstatta av dataprogram. Den same effekten som får DNB-sjef Rune Bjerke til å spå ei halvering av arbeidsstokken, slår også inn for rekneskapsførarane.

Havdal sitt svar er å auke kompetansen i staben og tilby kundane meir rådgiving.

Auka krav

Selskapa Sparebank 1 Regnskapshuset SMN har kjøpt i Ørsta og Volda skal flytte inn i banken sine kontorbygg dei to kommunesentra, medan selskapet på Hareid blir verande i Hareid.
Kundane vil ha det slik, seier Havdal, kort veg til rekneskapsføraren er ein fordel. Fordelen med å ver ein del av eit større system er samstundes å kunne trekk på meir kompetanse både teknologisk og fagleg.
Men krav til kompetanse og It-system vil gjere det meir krevande for mindre reknskapsbyrå å drive på gamlemåten, og Havdal meiner spesielt selskap som står føre eit generasjonsskifte heller vel å gå inn i større einingar

Trur på konsolidering

Dagleg leiar Richard Honningdal i Chimaera Regnskapshjelp i Ålesund deler Havdal si vurdering om at det blir ei konsolidering i bransjen.
- Det er naturleg at det blir det etterkvart, seier Honningdal.
Chimaera Regnskapshjelp har 25 tilsette og er ein del av Conta Group, som også omfattar eit programvareselskap. Selskapet har satsa på teknologi for å trekkje til seg kundar også utanfor Nordvestlandet.

Meir rådgiving

- Det er forventa større aktørar og at teknologien kjem meir og meir inn i biletet, seier nestleiar og medeigar Anita Sjåstad i Spjelkavik Regnskap.
Selskapet har 18 tilsette og hentar storparten av kundane i Ålesunds-området.
Sjåstad seier svarar på at dataprogram tek over meir av jobben med å auke innsatsen på rådgiving, samstundes som dei legg vekt på å halde følgje teknologisk.
- Det gjeld å følgje med i timen, seier Sjåstad.
 Bransjen på Sunnmøre er veldig fragmentert

Publisert: 09.02.2017 16:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06