Bent Høie foto NTB
OPNAR OPP FOR DEI VAKSINERTE: Helseminister Bent Høie (H) under regjeringens pressekonferanse om bruk av koronasertifikatet i dag. Foto: Fredrik Hagen / NTB
Nytt

Opnar store arrangement for vaksinerte

Opning for større arrangement ved bruk av koronasertifikat – 1.000 personar inne og 2.000 ute.

14.06.2021

NPK-NTB/NETT NO: – Gjennom pandemien har ein kunna gjere dei små, men viktige tinga og møte dei næraste. No kjem tida der vi kan ha det gøy på andre måtar igjen, seier helseminister Bent Høie (H).

Regjeringa opnar for inntil 1.000 personar på arrangement innandørs utan faste sitjeplassar ved bruk av koronasertifikat. Utandørs kan opptil 2.000 samlast.

Med faste sitjeplassar blir talet utvida som kan samlast innandørs til 2.500, og utandørs, typisk på eit idrettsstadion, blir talet auka til inntil 5.000.

Berre for vaksinerte
– Snart kan vi gå på store konsertar, på fotballkamp eller festival. Det veit eg at det er mange som har gledd seg til, seier helseministeren.

Koronasertifikatet vart presentert førre veke. Det viser vaksinasjonsstatus, om du er frisk frå smitte og testresultat.

Måndag kom retningslinjer for korleis koronasertifikatet skal brukast innanlands i Noreg. Det var venta at det skulle opnast for større arrangement. Det blir teke i bruk ved trinn tre i gjenopningsplanen til regjeringa.

Høie understrekar at koronasertifikat ikkje kan brukast i kommunar som er underlagde tiltaksnivå 5A grunna ukontrollert smitte, men at det kan brukast i kommunar som er underlagde tiltaksnivå 5B eller 5C.

Får færre dosar
På grunn av at Noreg får færre vaksinedosar frå Pfizer enn anteke i tredje kvartal, aukar regjeringa igjen intervallet mellom koronavaksinedose éin og to, til 12 veker.

– Før helga fekk vi ei dårleg nyheit, nemleg at Pfizer vil levere omtrent 900.000 færre vaksinedosar til Noreg enn først anteke, sa helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen måndag.

Samtidig vil ein auke i leveransen frå Moderna kompensere noko for dei manglande Pfizer-dosane, men regjeringa har likevel bestemt å auke vaksineintervallet mellom første og andre dose til tolv veker på nytt.

– Dette vil sørgje for ei forseinking i vaksinasjonen på éi veke for første dose samanlikna med vaksinasjonsplanen av i dag, og ei to vekers forseinking for andre dose, sa Høie.

Publisert: 14.06.2021 15:55

Sist oppdatert: 14.06.2021 15:57