Oppdrag for 200 millionar
Skal levere gangveg og kran til to vindkraftskip. Har opsjon på fire til.
Indiske Cochin Shipyard Ltd har bestilt to gangvegar med tilhøyrande kraner og styringsystem fra Uptime International.
Kvar kontrakt er på 100 millionar kroner og det indiske verftet har opsjon på å få leveransar til ytterlegare fire skip.
Reiarlaget er selskapet Pelagic Wind Services, som skal bruke skipa på vindkraftanlegg verda over.
Søkjer etter folk
Uptime er opphavleg eit Ålesundselskap, og har framleis avdeling med fem tilsette i Ålesund i tillegg til hovudkontor i Karmøy og avdeling i Nederland.
I alt er det omlag 90 tilsette i konsernet, som nett no har fleire ledige stillingar ute. Selskapet ser etter større lokale i Ålesund og nokre av dei nye stillingane kan bli plassert i Ålesund, ifølgje sal- og marknadsdirektør Svein Ove Haugen.
Investeringselskapet Norvestor eig 71,5 prosent av aksjane i selskapet.
Publisert: 02.02.2023 13:43
Sist oppdatert: 02.02.2023 13:43