Jon Erik Engeset1q2019 foto Ogne
NYE OPPDRAG, MEN MINUS: 2. kvartaltala frå Hexagon Compositets-sjef Jon Erik Engeset er betre enn i fjor, men selskapet går framleis i minus,
Nytt

Oppdrag for over 700 millionar

Pengane rullar inn til Hexagon Composites frå rammeavtale frå i fjor.

17.08.2021

Hexagon Composites varslar si åttande bestilling frå same kunde så langt i år, av gasstankar og drivstoffsystem til lastebilar.

Tankane og drivstoffsystema er bygd både for å bruke biogass og naturgass og går til ein "global logistics customer", i følgje ei børsmelding.

Det siste oppdraget gjeld tankar og system for omlag 104 millionar kroner.

Rammeavtale
Oppdraget er eit resultat av ein rammeavtale som Hexagon Composites og kunden skreiv kontrakt på i juni 2020.

Hittil i år har kunden bestilt tankar og system for 704 millionar kroner ifølgje børsmeldinga.

Datterselskap
Hexagon Composites har hovudkontor i Ålesund.

Gasstankane og drivstoffsystema blir produsert av det amerikanske datterselskapet Hexagon Agility og der er USA som er den viktigaste marknaden.

Hexagon Composites lagar og store, mobile gasstankar og små berbare gasstankar (kjent i Noreg for bruk til gassgrillar)

Minus på hydrogen
Selskapet er og største aksjonær i Hexagon Purus, som lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energikjelde. Hexagon Purus-resultata blir konsolidert inn i reknskapen til Hexagon Composites. Det er hovudårsaka til underskotet både i driftsresultatet (ebit) og i resultatet før skatt i andre kvartal og første halvår (sjå tabell).

Les børsmelding om 1. halvårstala 2021 her

Hexagon Composites frårekna Hexagon Purus har eit driftsresultat på pluss 19 millionar kroner i 2. kvartal og pluss 50 millionar kroner i 1. halvår i år. Det er ei forbetring frå tilsvarande periode i 2020 (minus 20 og pluss sju millionar).

Resultater før skatt for Hexagon Composites, frårekna Hexagon Purus, blei minus tre millionar kroner i 2. kvartal

Hexagon Composites ASA
1. halvår. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt14811508
Driftsresultat-99-70
Resultat før skatt-157-4
Hexagon Composites ASA
2. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt788683
Driftsresultat-60-46
Resultat før skatt-68-85

Publisert: 17.08.2021 08:50

Sist oppdatert: 17.08.2021 08:51

Mer om