Hydrogen dreg ned resultatet
Hexagon Composites driv i pluss, men hydrogensatsinga i Hexagon Purus gir minusresultat for Hexagon Group.
Hexagon Composites eig 75 prosent av sitt tidlegare datterselskap, Hexagon Purus, som blei børsnotert i fjor.
Hexagon Composites hadde positivt driftsresultat i 1. kvartal, men med Hexagon Purus-tala med i reknskapen, gir det minusresultat for Hexagon Group (sjå tabell).
Redusert sal
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, frå bussar og lastebilar, til anlegg og industri. Den verksemd er samla i forretningsområdet Hexagon g-mobility, som mellom anna omfattar det største og viktigaste datterselskapet, Hexagon Agility, med produksjon i USA.
Hexagon g-mobility hadde 527 millionar kroner i driftsinntekter i 1. kvartal i år, mot 625 i 1. kvarta 2020. Driftsresultatet blei 16 millionar kroner, mot 10 millionar kroner i 1. kvartal i fjor.
Salet av drivstofftankar og -system steig steig til lette lastebilar, men gikk ned til tyngre lastebilar og salet av store mobile gasstankar til industri og anlegg.
Hexagon Composites eig og datterselskapet Hexagon Ragasco på Raufoss, som lagar små berbare gassbehaldarar til husholdingar og hytter, både for den norske marknaden og for eksport. Selskapet sitt mest kjente produkt for nordmenn er truleg den berbare gassbehaldarane som blir brukt til gassgrillar. Hexagon Ragasco hadde 147 millionar kroner i driftsinntekter og 25 millionar kroner i driftsresultat i 1. kvartal, omlag som 1. kvartal året før.
Meir enn halvert
Etter rekordnoteringa i starten av januar i år har det gått nedover i rykk og napp for Hexagon Purus-aksjen.
36 kroner per aksje som er kursen då børsen stengte i går, verdset selskapet til 8,2 milliardar kroner.
Hexagon Composites nådd si toppnotering 19. januar i år, med 72,60 kroner per aksje. I går blei sluttkursen 39,40 kroner per aksje, eit fall på 4,2 prosent. Kursen verdset Hexagon Composites til 7,9 milliardar kroner.
Hexagon Group | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 692,5 | 825,2 |
Driftsresultat | -38,5 | -24,0 |
Resultat før skatt | -88,1 | 81,2 |
Hexagon Composites (utan Hexagon Purus) | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 690 | 802 |
Driftsresultat | 32 | 27 |
Publisert: 12.05.2021 07:25
Sist oppdatert: 12.05.2021 07:57