Trond Håkon Schaug Pettersen Salmon Evolution Fiskeri og havbrukskonferansen Raudeberg 2023 foto Ogne
VEKST: Trond Håkon Schaug-Pettersen er adminstrerande direktør i Salmon Evolution. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oppdrettar aukar slaktinga

Salmon Evolution har god vekst og er i rute.

02.10.2023

I fjerde kvartal i år planlegg Salmon Evolution å slakte omlag 1100 tonn laks (levande vekt) frå sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Indre Harøy i Romsdal.

Det går fram av ei oppdatering frå selskapet.

Les børsmelding her

Selskapet melder om god vekst og at det er i rute til å nå ein produksjon som tilsvarar 7900 tonn hovudkappa og sløyd laks på årssbasis innan 4. kvartal i år. Frå 30. juni til 30. september auka biomassen - samla vekt av fisken - i anlegget frå 1047 tonn til 2100 tonn.

Dei første ni månadane i år har prisen på laks i spotmarknaden vore 97,46 kroner per kilo. Toppen så langt i år var i mars, med ein gjennomsnittspris på 121,70 kroner kiloen, ifølgje laksebørsen Fish Pool.

I august og september har gjennomsnittsprisen vore høvesvis 73,81 og 73,98 kroner per kilo. Det er dei einaste to månadane der prisen har vore under 90 kroner kiloen i år.

På Nordea sitt seminar under Aqua Nor-messa i Trondheim i august, spådde Nordea ein gjennomsnittleg laksepris på 92 kroner kiloen til oppdretter i år. Neste år blir den 88 kroner kiloen og dei neste fem til ti åra framover, er prognosen til banken 90 kroner kiloen.

Publisert: 02.10.2023 08:27

Sist oppdatert: 02.10.2023 13:03

Mer om