Erik Høyvik CEO Eqva foto Ogne
MEIR OPTIMISTISK: Erik Høyvik er administrerande direktør i Eqva. Ved utgangen av februar i år har selskapet ei ordrebok på 491 millionar kroner opp frå 345 ved årsskiftet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oppjusterte forventningar

Eqva-sjefen er blitt meir optimistisk.

28.02.2023

Då Eqva-sjef Erik Høyvik presenterte selskapet i Fosnavåg Shippingklubb i slutten av januar i år var inntektstprognosen for 2023 600-700 millionar kroner.

No, i samband med at selskapet legg fra tal for 2022, er inntektsprognosen auka til 650-750 millionar kroner.

Også lønsemda for industri og ingeninørselskapet blir betre, trur selskapet. Prognosen for driftsresultatet før av- og nedskrivingar (ebitda) er auka frå fire til seks til fire til sju prosent (26-53 millionar kroner.

Les børsmelding her

Eqva er eit resultat av fleire prosessar:

  • Refinansieringa og reorganiseringa av Havyard Group, der fire datterselskap blei skilt ut og børsnoterte som Hav Group.
  • Etter den operasjonen omfatta aktiviteten i Havyard Group berre skipsverftet i Leirvik i Sogn, der drifta vart langt om frå nybygg til reparasjon og vedlikehald og arbeidsstokken kutta frå omlag 170 til 70.
  • I mai 2022 kjøpte Havyard Group alle aksjane i HG Group og blei eigar av BKS Holding og Fossberg Kraft. Mykje av oppgjeret skjedde med aksjar i Havyard Group, slik at seljarane - Tore Thorkildsen, Gudmund Øvrehus, Even Matre Ellingsen og Skarvelandfamilien - blei dei nye storeigarane.
  • Tidlegare storaksjonær Havila Holding eig no 13,89 prosent. I tillegg eig søskena og Havila Holding-aksjonærane Njål, Hege og Vegard Sævik tilsaman 5,37 prosent i Eqva gjennom sine private selskap.
  • Havyard Group vedtok namneskifte til Eqva i fjor.
  • I tillegg til skipsverftet omfattar Eqva BKS Industri (Sunde i Kvinnherad), BKS VVS (Bergen), Zenit Engineering (Sunde), Marine Support (Storebø i Austevoll), BKS Power and Automation (Sunde) og Fossberg Kraft.

Dersom alle selskapa i Eqva-konsernet hadde vore ein del av konsernet i heile 2022 ville driftsinntektene vor 690 millionar kroner. I tabellen under er desse selskapa berre rekna med frå då dei blei ein del av Eqva.

Eqva ASA
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt440,7910,2
Driftsresultat-17,451,5
Resultat før skatt-45,691,7

Publisert: 28.02.2023 08:12

Sist oppdatert: 28.02.2023 08:15

Mer om