Oppsving for 7Ocean
7Ocean nærmar seg aktivitetsnivået frå før oljeprisfallet i 2014.
Ålesundselskapet har tyngdepunktet av oppdraga sine i bransjar som er retta mot havet, frå skipsverft til oppdrettsbransje, og leiger ut eller rekrutterer spesialistert med teknisk kompetanse.
I 2021 auka aktivitetsnivået nesten til 2013/2014-nivåa, då driftsinntektene var høvesvis 38 og 30 millionar kroner.
I fjor passerte selskapet 28 millionar kroner (sjå tabell) og ligg an til å ende poå omlag det same også i år, ifølgje dagleg leiar Mareno Kennet Nakken.
2020 var prega av korona, men i fjor tok aktiviteten seg opp.
- Det vart etterkvart ganske hektisk i 2021, seier Nakken.
7Ocean (tidlegare 7Ocean People) er eig 92,5 prosent av 7Ocean Holding, 1,5 prosent av Jorid Anette Sunde og seks prosent av Mareno Kennet Nakken.
7Ocean Holding er eigd av Knut Arild Emblem, gjennom selskapet Sølvpilen.
7 Ocean as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 28,1 | 18,7 |
Driftsresultat | 4,5 | 0,09 |
Resultat før skatt | 4,5 | 0,03 |
Publisert: 24.05.2022 12:35
Sist oppdatert: 24.05.2022 12:35