Oppsving for Espen Digernes
To av tre bilforretningar Espen Digernes er eigar i hadde rekordinntekter i fjor, og selskapa ligg an til vekst også i år.
Espen Digernes eig Brages Holding, som er 100 prosent eigar i Brages Bilforretning i Ålesund, 91 prosent eigar i Toyota Sunnmøre i Ørsta og 51 prosent eigar i Autoservice i Kristiansund.
Alle tre Toyotaforhandlarane hadde eit kraftig oppsving i driftsinntekter og lønsemd frå 2020 til 2021 (sjå tabell). Toyota Sunnmøre og Autoservice har aldri hatt høgare driftsinntekter enn i fjor.
(Brages Bilforretning er også Lexus-forhandlar).
Ladbar hybrid
Det var den ladbare versjonen av Toyota sin hybridmodell Rav 4, saman med varebilsalet, som var hovudårsaka til auken for dei tre Toyotaforhandlarane i fjor, seier Digernes.
I fjor blei det registrert 362 nye Toyota personbilar på Sunnmøre, ein auke på 11 prosent frå året før.
Les også
Oppsving med elbil
Så langt i år ser registreringsstatistikken for nye bilar dyster ut for Toyota, med ein nedgang på 46 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Ingen andre bilmerke har så stor nedgang i talet på nyregistrerte bilar på Sunnmøre som Toyota.
Men likevel seier Digernes Toyota-forhandlarane ligg an til vekst også i år.
Les også
- Det er eit utruleg spesielt år. Vi held nivået og aukar. Det er kontraktsoppgang, seier Digernes.
Det spesielle er at dei tre Toyota-forhandlarane nesten ikkje leverer bilar. Grunnen er leveringstider. Det ikkje når kunde og bilforhandlar signerer ein avtale salet skjer og blir bokført, men først når bilen blir levert og registrert.
I år lanserer Toyota sin første reine elbil, og den står for omlag 80 prosent av nybilsalet i år.
Desse bilane kjem først i andre halvår, og så langt vil alle som har bestilt få bilen sin i år, ifølgje Digernes.
Brages Bilforretning as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 319,6 | 234,8 |
Driftsresultat | 5,7 | 2,6 |
Resultat før skatt | 5,7 | 2,6 |
Toyota Sunnmøre as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 94,1 | 63,3 |
Driftsresultat | 5,7 | 2,6 |
Resultat før skatt | 5,7 | 2,6 |
Autoservice as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 132,1 | 89,1 |
Driftsresultat | 7,5 | 2,9 |
Resultat før skatt | 7,4 | 2,7 |
Publisert: 16.05.2022 10:59
Sist oppdatert: 16.05.2022 11:08