Stein Inge Rem Rempro foto Ogne
PLAST OG KOMPOSITT: Stein Inge Rem er eigar og dagleg leiar i Rempro i Liabygda og Formvac på Hellesylt, med tilsaman 22 personar på lønningslista. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oppsving frå oppdrett og heimflytting

Rempro- og Formvac-eigar Stein Inge Rem fekk oppsving i begge bedriftene i fjor, og ein god start i år.

22.05.2025

Rempro i Liabygda i Stranda kommune har oppdrettsbransjen som hovudkunde og stenger i kompositt til å spenne opp fuglenett over oppdrettsanlegga som hovudprodukt.

Innføringa av grunnrenteskatt på oppdrett og uvisse om korleis det ville slå ut for oppdrettsselskapa gjorde at investeringar vart sett på vent i 2023. Det slo mellom anna ut i at inntekten til Rempro fall nesten åtte millionar kroner frå 2022 til 2023. I fjor kom imidlertid etterspørselen tilbake, og meire til (sjå tabell). Eit oppdemma behov og ein generell vekst i marknaden er dagleg leiar og eigar Stein Inge Rem si vurdering av kva som er årsaka til inntektsveksten.

Også 2025 har starta godt, og Rem håpar på inntekter og resultat som i år. 

Heimflytting
Rem eig Rempro gjennom selskapet Rempro Holding, som også eig plastkomponentprodusenten Formvac på Hellesylt. 

Også Formvac auka inntektene og lønsemda i fjor. 

Selskapet lagar ulike typar komponentar i plast og har mellom andre møbelbedrifter, Jets og Glamox som kundar. Inntektsveksten for Formvac skuldast mellom anna ei globalisering i revers. Bedrifter vil ha leverandørane sine nærare seg. 

– Det er mange som flaggar heim frå utlandet, seier Rem. 

Den heimflyttinga gjeld både produksjon i større og mindre seriar, og produksjon av prototypar.

Rempro i Liabygda av 12 tilsette, Formvac på Hellesylt 10. 

Rempro as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt46,527,6
Driftsresultat11,36,3
Resultat før skatt11,76,7
   
Formvac as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt16,313,6
Driftsresultat1,3-0,01
Resultat før skatt1,0-0,2

Publisert: 22.05.2025 10:26

Sist oppdatert: 22.05.2025 10:26