Stig Jacobsen - Johs. Jacobsen Kjøtt Foto Ogne Øyehaug
FRÅ MINUS TIL PLUSS: Dei tre siste åra har Stig Jacobsen og kollegaene i Johs. Jacobsen Kjøtt hatt god vekst, og i fjor blei det også overskot etter fem år i minus. 
Nytt

Oppsving trass restaurant-stopp

Koronakrisa gav bråstopp i restaurantmarknaden, men Johs. Jacobsen Kjøtt ligg likevel an til minst like god vekst som i fjor.

16.06.2020

- I år har det vore litt rart, seier dagleg leiar Stig Jacobsen i Johs. Jacobsen Kjøtt. Firmaet, med ti personar på lønningslista, tek mot heile skrottar og leverer tilskorne produkt både til restaurantmarknaden og til foredlingsbedrifter som leverer til butikkmarknaden.

Først etter tre månader er restaurantmarknaden no i ferd med å kome tilbake, men i mellom tida har etterspørselsvekst i butikkane meir enn erstatta det som gjekk tapt då restaurantane stengde dørene. Jacobsen seier driftsinntektene til selskapet så langt i år er høgare enn dei var på same tid i fjor. Han reknar med minst like god vekst i 2020 som fra 2018 til 2019, og også styrka lønsemd.

Fleire partnarar
Frå 2014 til 2017 fall driftsinntektene frå 44,5 til 30,3 millionar kroner. Grunnen var krympande leveransar til større kundar.

Les også: Opplever sterkt prispress

Den negativet trenden er snudd, og selskapet har avtalar om å leverer både til Nordfjord Kjøtt og fleire andre større kundar. Det har auka driftsinntekten igjen. Får Jacobsen innfridd forventingane sine passerer selskapet 40 millionar kroner i driftsinntekter i år.

10 prosent frå eige utsal
I tillegg til å lever til restaurantmarknaden og vere underleverandør til andre foredlingsbedrifter levere Jacobsen også eigen kjøtprodukt til butikkar i Volda, Ørsta og Herøy - og har eige fabrikkutsal.

Fabrikkutsalet har høgsesong før jul, med pinnekjøt og anna julemat. Utsalet står for omlag 10 prosent av driftsinntektene - og har hatt vekst i år.


Johs. Jacobsen Kjøtt as

Tal i mill. kroner

2019

2018

Driftsinntekter

37,9

33,0

Driftsresultat

0,4

-0,006

Resultat før skatt

0,4

-1,2


Publisert: 16.06.2020 12:35

Sist oppdatert: 08.06.2021 12:46

Mer om