Richard Furnes Droneakademiet foto Ogne
LÆRER OPP PILOTAR: Richard Furnes i Droneakademinet lærer kundane å flyge droner. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Opptur for Droneakademiet

Doblar inntektene i år samanlikna med før koronapandemien.

02.06.2023

Etter ein nedtur då koronapandemien kom i 2020 var Droneakademiet i Sykkylven attende på vekstsporet året etter. I fjor hadde selskapet 2,4 millionar kroner i driftsinntekter. I år ligg det an til fire milllionar kroner i driftsinntekter, seier grunnleggar, eigar, dagleg leiar og tidlegare pilot Alexander Sandnes.

Nettselskap og fasadevask
Ideen til selskapet er å utdanne brukarar av dronar slik at dei kan få naudsynte sertifikat for å operere dronane, og lage manualar for dronebruk.

Dei store kundane er nettselskap, som brukar droner til inspeksjon av kraftlinjer, og Avinor som inspiserer rullebaner. På kundelista står også KTW Working Drone i Bergen. Det selskapet brukar droner til fasadevask av bygg, seier Richard Furnes i Droneakademiet.

Han presenterte selskapet på Teknologifestivalen i Sykkylven i dag.

Fleire tilsette
Furnes kom til Droneselskapet i januar i og løpet av året auka staben ytterlegar, frå fire til fem personar for å kunne ta unna den aukande oppdragsmengda. Med den komande nytilsettinga vil selskapet ha tre tilsette i Sykkylven og to deltidstilsette i Drammen.

Droneakademiet vart etablert i 2012 ut frå ei vurdering om at etterspørselen etter opplæring i bruken ville skyte i veret i takt med at dronebruken auka.

Den vurderinga slo til. I 2017 hadde selskapet 187.000 kroner i driftsinntekter, i 2019 1,5 millionar, og i år altså forventningar om fire millionar.

Publisert: 02.06.2023 15:07

Sist oppdatert: 05.06.2023 07:46