Kontrakten til Optimar har ein verdi på kring 70 millionar kroner og omfatter eit heilautomatisk vaskesystem, ei ensilasjeløysning for handtering av dødfisk, samt eit komplett system for bedøving og utblødning. Det skriv selskapet i ei pressemelding.
Det er dei islandske fiskeri- og industrikonsernt Samherju som skal ha utstyrt, til sitt landbaserte oppdrettsanlegg Salmon Garden.
Samherji eig også Optimar, etter å ha kjøpt fiskeri- og oppdrettsutstyrsprodusenten på Valderøya frå det tyske Haniel-konsernet i 2024.
– Dette er bare begynnelsen. Prosjektet er svært omfattande, og vi ser fram til å fortsette det tette samarbeidet med Samherji i åra som kjem, seier salssjef Magne Bjørge i Optimar i pressemnelding..
Acel-leveranse til same anlegg
Fleire andre selskap på Nordvestlandet har allereie inngå avtalt om å levere utstyr til Salmon Garden.
Acel i Ålesund skal stå for ingeniørarbeid, levere utstyr og gjere arbeidet med å få på plass det elektriske anlegget på oppdrettsanlegget.
– Kontrakten samla sett blir den største som konsernet har inngått noen gang, sa operasjonsdirektør Marius Granlien i Acel til Nett No i februar.
I samband med kontrakten opprettar Acel eit islands datterselskap.
Avtaler med MMC First Process og Cflow
Også MMC First Process i Ålesund/Herøy og Cflow i Sula har fått oppdrag medå levere til Samon Garden
MMC First Proscess skal levere eigenutvikla produkt og løysingar, inkludert automasjon, sorteringsmaskin, fiskepumper og system for fullvannstransport av levande fisk.
Cflow skal levere vassbehandlingsystem.
Les også
Acel-kontrakt og Samherji-samarbeid gir aktivitet for Ålesund-konsernet i fleire år.
Sikret en av sine største kontrakter noen gang til Islands største anlegg på land.
MMC First Process med nye leveranse til oppdrettsanlegg på land.
Like stort som Salmon Evolution
Fullt utbygd skal Salmon Garden kunne produserer 36.000 tonn laks i året.
Det er like mykje som Salmon Evolution sitt anlegg på Romsdalskysten skal kunne produsere når tredje byggesteg der er ferdig.
Første byggesteg på Island skal levere 12.000 tonn i året.
Samherji Fiskeldi driv i dag tre landbaserte oppdrettsanlegg, som i i fjor leverte 5800 tonn.
Publisert: 04.03.2026 12:13
Sist oppdatert: 04.03.2026 15:24






