Finn Kinserdal er førsteamanuensis ved Norges Handelshøiskole (NHH) i Bergen og leiar for institutt for for regnskapsføring, revisjon og jus ved NHH. Han stilte som sakkyndig vitne for saksøkjarane, som krev 25,3 milllionar kroner i erstatning frå Stig Remøy på grunn av manglande betaling for aksjane sine i krillfiskeselskapet Emerald Fisheries, der dei var minoritetseigarar.
Kravet var opphavleg retta mot Olympic Holding, som var majoritetseigar i Emerald Fisheries. Stig Remøy var dominerande eigar i Olympic Holding.
Olympic Holding gjekk konkurs i desember 2016 og saksøkjarane meiner Stig Remøy er personleg erstatningsansvarleg, på grunn av disposisjonar og transaksjonar i Olympic Holding i 2015 og 2016, før konkursen.
Hadde ikkje det skjedd kunne Olympic Holding unngått konkurs, slik han ser det.
- I min verden så hadde det selskapet med overveiande sannsynligheit vore solvent ved utgangen av 2016, viss ein hadde ivaretatt selskapet interesse, sa Kinserdal i retten.
Partane har stikk motsett forståing og Stig Remøy avviste i si partsforklaring i går saksøkjarane si fortolking.
Kravet var opphavleg retta mot Olympic Holding, som var majoritetseigar i Emerald Fisheries. Stig Remøy var dominerande eigar i Olympic Holding.
Olympic Holding gjekk konkurs i desember 2016 og saksøkjarane meiner Stig Remøy er personleg erstatningsansvarleg, på grunn av disposisjonar og transaksjonar i Olympic Holding i 2015 og 2016, før konkursen.
Kunne unngått konkurs
Sal av fiskebåtar og -kvoter ut av Olympic Holding skjedde til betydeleg underpris, til saman cirka 420 millionar kroner, etter Kinserdals vurdering. Det var til gunst for Stig Remøy og ugunst for kreditorane, i følgje Kinserdals vurdering.Hadde ikkje det skjedd kunne Olympic Holding unngått konkurs, slik han ser det.
- I min verden så hadde det selskapet med overveiande sannsynligheit vore solvent ved utgangen av 2016, viss ein hadde ivaretatt selskapet interesse, sa Kinserdal i retten.
Ulik tolking
I morgon skal partane sine advokatar prosedere, altså oppsummere kva som har kome fram i dokumentasjon og vitneforklaringar , og forklarer korleis dei meiner dokumentasjon skal forståast og kva juridiske konsekvensar det bør få.Partane har stikk motsett forståing og Stig Remøy avviste i si partsforklaring i går saksøkjarane si fortolking.
Publisert: 05.02.2020 14:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52