Havila Capella foto Per Eide Havila Kystruten 11
ALLE SKIP I DRIFT: Havila Kystruten har lagt fram sitt første kvartalsrekneskap for eit kvartal der alle fire skipa var i drift. Foto: Per Eide
Nytt

Over 800 million i minus

Dyrt startår for Havila Kystruten.

28.02.2024

Fjerde kvartal 2023 var det første kvartalet Havila Kystruten har hatt alle sine fire skip i full drift.

Sein levering av dei to siste skipa gjorde likevel at selskapet ikkje fekk seld så mange reiser som det hadde håpa på, ifølgje kvartalsrapporten pr. 4. kvartal.

Selskapet hadde tresifra millionunderskot både i året og i siste kvartal 2023 (sjå tabell).

Les børsmelding her

Beleggsprosenten var 60 prosent i kvartalet.

I år reknar selskapet på eit gjennomsnitttsbelegg på 80 prosent. Per i dag er det seld reiser som gir eit belegget for 1. kvartal på 65 prosent og over 55 prosent for heile 2024.

No i februar har Havila Kystruten refinansiert eit lån på 50 millionar Euro, som hadde forfall i oktober i år. Lånet et refinansiert med eit lån frå største aksjonær, Havila Holding, som også har gitt ein trekkfasilitet på 200 millionar kroner "som gir selskapet finansiell fleksibilitet for å håndtere likviditetsmessige sesongsvingninger.", skriv Havila Kystruten i kvartalsrapporten.

Havila Kystruten as
Per 4. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt764,2332,1
Driftsresultat-317,0-305,6
Resultat før skatt-863,2-674,9
Havila Kystruten as
4. kvartal. i mill. kroner20232022
Driftsinntekt249,484,5
Driftsresultat-87,1-137,9
Resultat før skatt-282,4-237,3

Publisert: 28.02.2024 23:01

Sist oppdatert: 28.02.2024 23:03

Mer om