Bent Martini anløp Havila Pollux foto Marius Rosbach 111
OPPTUR: Investorane var optimistiske framfor resultatet Havila Kystruten-sjef Bent Martini legg fram seinare onsdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Optimisme før Kystruten-resultat

Opptur for reiarlaget som legg fram tal etter stengetid.

Marius Rosbach
28.02.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Havila Kystruten var mellom dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet som hadde best utvikling onsdag.

Investorane hadde truleg optimistiske forventingar til kvartalsrapporten som Herøy-reiarlaget legg fram etter at børsen stenger.

Etter ein oppgang på nær fem prosent tidlegare på dagen, fall kursen litt tilbake på ettermiddagen. Sluttkursen på 0,846 kroner er ein oppgang på 4,19 prosent i løpet av dagen.

Hexagon Composites vart dagens børsvinnar av selskapa frå regionen med ein oppgang på 4,96 prosent til 22,44 kroner.

Norva24 vart dagens børstapar frå regionen med eit fall på 2,48 prosent til 25,55 kroner. Også Havila Shipping enda i minus etter at offshorereiarlaget la fram tal tysdag.

Industrikonsernet Eqva la fram sin rapport for 4. kvartal tidleg onsdag. Det tidlegare Havyard-konsernet fekk tommelen ned frå investorane på børsen etterpå, og aksjen fall med 1,87 prosent.

Selskapet har flytta hovudkontoret frå Herøy til Kvinnherad, og NETT NO vil difor avslutte dekninga – og ta ut aksjen av den daglege børstabellen for Nordvestlandet.

Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein oppgang på 0,3 prosent til 1.263,82 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hexagon Composites kr 22,44 4,96 %
Havila Kystruten kr 0,85 4,19 %
Endúr kr 38,90 3,18 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,58 1,41 %
Atlantic Sapphire kr 1,48 0,82 %
Salmon Evolution kr 6,45 0,47 %
Hexagon Purus kr 6,92 0,44 %
Hofseth Biocare kr 2,38 0,42 %
Arctic Bioscience kr 9,50 0,00 %
Sparebanken Møre kr 87,00 0,00 %
Hav Group kr 11,30 -1,31 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,15 -1,87 %
Havila Shipping kr 4,40 -2,22 %
Norva 24 Group* 25,55 kr -2,48 %
* Kurs i SEK

Publisert: 28.02.2024 16:54

Sist oppdatert: 28.02.2024 16:54

Mer om