Til A Alesund for daap og open baat
SILD: Strand Senior er på veg til Tripleline Vedde med 700 tonn nordsjøsild. Her frå då båten var ny.
Nytt

Overraskande godt sildefiske

Store deler av flåten jaktar no nordsjøsilda.

24.05.2022

Forrige veke vart det ei knallveke på nordsjøsilda. Heilt uventa, skriv Sildelaget på si heimeside.

Det vart fiska heile 34.000 tonn nordsjøsild fordelt på 49 båtar.

Det gode fisket fortsette måndag, med ti fangstar på totalt 6681 tonn.

Største fangsten hadde Herøy-båten Eros med 1500 tonn, som skal leverast til Pelagia Måløy.

Ålesund-båten Strand Senior skal lever 770 tonn til Tripleline Vedde. Også Herøy-båtane Rogne og Sjøbris melde inn fangst.

Mest til mjøl
Hittil tysdag er det innmeldt tre fangstar på totalt 950 tonn. Av dei har Ålesund-båten Sæbjørn største fangsten med 900 tonn, der 700 tonn er til mjøl.

Hittil har mesteparten av silda gått til mjøl. Sildelaget skriv at det både har med størrelsen på silda å gjere, men også at det har vore mykje åte i silda, som har skapt problem for å berge silda til konsum.

Snittvekta på silda har lege i området 131- 144 gram, der det i første del av veka var lavast snittvekt. For produksjon til matjes så etterspør kjøparane sild i området 150 gram.

Uventa mengder
Sildelaget opplyser at det gode sildefisket har foregått vest av Egersund på austsida av Lingbanken og videre på nordvest mot Koralbanken.

Ingen hadde venta slike sildemengder no i mai, der det er tatt notkast på opp til 1.000 tonn.

Eit anna positiv trekk er at silda er veldig feit for perioden med feittprosent på opptil 20 prosent, fastslår Sildelaget.

Samstundes som det er godt sildefiske, er det smått med tobisfangstar, slik at fleire båtar har tatt ein pause i fisket etter tobis og i staden kasta seg over nordsjøsilda.

Publisert: 24.05.2022 09:14

Sist oppdatert: 24.05.2022 10:19

Mer om