Det har tidvis vore bra rater i spotmarknaden i Nordsjøen i desember, i ein månad det var forventa lav aktivitet og lave rater.
Det skriv skipsmeklaren Seabrokers i sin månadsrapport.
For ankerhandterarar var faktisk ratene dei høgaste for året, med fleire slutningar på 700.000 kroner til 900.000 kroner dagen.
Men det var store variasjonar. Dette bidrog vêret til, der det var lite aktivitet i dei dårlege vêrperiodane, men desto strammare når vêret betra seg.
Mykje av grunnen til dette var at Allseas henta inn heile elleve PSV-ar frå Nordsjøen til å bistå under arbeid med rørleidninga Nord Stream II i Østersjøen.
Dei skipa som fekk oppdrag var Bourbon Sapphire, Bourbon Topaz, Normand Flipper, Normand Springer, Normand Supra, Sartor, Sea Spear, Solvik Supplier, Standard Princess og Standard Supplier.
Når så mange forlet Nordsjøen, førde det til betre rater for dei som var att, skriv Seabrokers.
Fram mot jul har derimot spotratene falle igjen.
Det skriv skipsmeklaren Seabrokers i sin månadsrapport.
For ankerhandterarar var faktisk ratene dei høgaste for året, med fleire slutningar på 700.000 kroner til 900.000 kroner dagen.
Men det var store variasjonar. Dette bidrog vêret til, der det var lite aktivitet i dei dårlege vêrperiodane, men desto strammare når vêret betra seg.
Allseas-arbeid
Også for PSV-ar var ratene høgare enn forventa.Mykje av grunnen til dette var at Allseas henta inn heile elleve PSV-ar frå Nordsjøen til å bistå under arbeid med rørleidninga Nord Stream II i Østersjøen.
Dei skipa som fekk oppdrag var Bourbon Sapphire, Bourbon Topaz, Normand Flipper, Normand Springer, Normand Supra, Sartor, Sea Spear, Solvik Supplier, Standard Princess og Standard Supplier.
Når så mange forlet Nordsjøen, førde det til betre rater for dei som var att, skriv Seabrokers.
Fram mot jul har derimot spotratene falle igjen.
Les også:
Publisert: 20.12.2019 09:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48






