Snudde til pluss
Overskot for garderobeinnrednings-produsenten Langlo etter fire år i minus.
I november i fjor vedtok eigarane i Langlo å hente inn seks millionar kroner i nye eigenkapital og gjere Langlo-sjef Pål Ringstad, fleire andre leiande tilsette og Norsk Sjømat Holding til store aksjonærar. Dei blei medeigarar gjennom sitt felles selskap, Svefossen.
Det første reknskapet etter eigarendring viser overskot for første gang sidan 2015 og ein vekst i driftsinntektene på 6,4 prosent, til 115 millionar kroner (sjå tabell). Det er nye rekord i driftsinntekter, like over nivået fra 2015. Dei ti siste åra har driftsinntektene svinga mellom 102 og 115 millionar kroner.
Lite koronaeffekt
Koronaepidemien fekk små konsekvensar for Langlo i fjor. Sal og produksjon var på normalt nivå sjølv om deler av arbeidstokken var permittert, skriv styret i årsmeldinga for 2020.
Etter kapitalutvidinga ser aksjonærlista slik ut:
Langlo Invest as 48 prosent, Svefossen as 46,22 prosent, Pål Ringstad 1,87 prosent, Asbjørn Langlo 1,96 prosent og Eldbjørg Ekornes 1,96 prosent.
Svefossen har fem aksjonærar (eigarandel i Svefossen i parantes); Dynavector as (42,5 prosent), Norsk Sjømat Holding as (42,5 prosent), Bjørn Utgård (8,33 prosent), Per Tore Fausa (3,33 prosent) og Geir Koppang 3,33 prosent).
Utgård, Fausa og Koppang er alle i leiargruppa i Langlo. Administrerande direktør Pål Ringstad i Langlo er med på kapitalutvidinga gjennom selskapet Dynavector, som han eig 50/50 saman med Ellen Gro Ringstad.
Langlo as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 115,0 | 108,1 |
Driftsresultat | 4,8 | -0,3 |
Resultat før skatt | 4,1 | -2,2 |
Publisert: 14.09.2021 08:48
Sist oppdatert: 14.09.2021 08:47