Golden Energy Offshore Services leverte tal for 2. kvartal tidleg torsdag.
Dei viste at inntektene gjekk ned i perioden, samtidig som finanskostnader trakk resultat før skatt kraftig ned (sjå tabell under).
Også EBITDA-resultatet for 2. kvartal sank frå 58 til 39 millionar kroner, samanlikna med same periode i fjor. EBITDA-resultatet for første halvår var på 69,3 millionar – opp frå 61,1 millionar første halvår i fjor.
Reiarlaget fekk i snitt dårlegare betalt for skipa i arbeid, grunna en meir utfordrande situasjon i Nordsjøen, heiter det i kvartalsrapporten .
Overskot av skip i marknaden, gjer at ratane har vore lågare i perioden. Trass utfordringane, var reiarlaget sine sju skip i arbeid 96,3 prosent av perioden.
(saka held fram under)
| Golden Energy Offshore Services as | ||
| 2. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 109,4 | 135,7 |
| Driftsresultat | 15,3 | 39,2 |
| Resultat før skatt | -79,2 | 18,9 |
| Golden Energy Offshore Services as | ||
| Per 2. kvartal. i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 220,6 | 209,8 |
| Driftsresultat | 22,3 | 23,5 |
| Resultat før skatt | -40,7 | -84,7 |
Reiarlaget fekk i starten av juli på plass ein avtale om refinansiering av renteberande gjeld. Det er også bakgrunnen for at rente- og finanskostnadene aukar med drygt 100 millionar. Framover det det venta at desse vil gå ned.
Då reiarlaget offentleggjorde avtalen om ei ny finansieringsløysing, opplyste selskapet at den ville halvere reiarlaget sine månadlege kapitalkostnader.
Reiarsjef Per Ivar Fagervoll opplyser at det også er gjort fleire strukturelle endringar som vil betre konsernet sin «økonomiske helse» framover.
– Vår visjon for vekst og suksess er fortsatt sterk, uttaler Fagervoll i børsmeldinga.
Publisert: 28.08.2025 09:42
Sist oppdatert: 28.08.2025 09:45






