Lars Kristian Tunheim foto Ogne
KLAR FOR BÅT OG CARAVAN-MESSE: Medeigar Lars Kristian Tunheim i Ferd Båt ombord i ein båt som er godkjent for yrkesfiske. Bruksbåtar er bestseljarar og med denne modellen når Tunheim og kollegaen også yrkesfiskarane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Passerte 100 millionar for første gang

2022 blei eit rekordår for båtforhandlaren. 2023 har starta betre, men framover er det uvisse.

03.03.2023

Lars Kristian Tunheim og kollegaene i Ferd Båt selde båtar for 101 millionar kroner i fjor. Det er første gang båtforhandlaren, med avdelingar i Ålesund, Fosnavåg og Molde, passerte 100 millionar kroner i driftsinntekter.

Også starten av 2023 har vore travelt.

- Det merklege er at vi har seld meir båtar i år enn vi hadde gjort i same periode i fjor, seier dagleg leiar Rune Westad.

Saman med Lars Kristian Tunheim, Thomas Tangen Flem og Sverre Nærø eig Westad ein fjerdepart kvar i Ferd Båt gjennom selskapet Norion Marine. Alle fire er aktive i drifta.

Uvisse
Ferd Båt, som 1. mai skiftar namn til Farvan, er den klart største utstillaren på Båt og Caravan-messa som opnar i Sparebanken Møre Arena fredag.

Omlag 70 utstillarar er med på den tre dagar lange messa, som i dagens form blir arrangert for niande gang.

Trass den gode starten på 2023 er Westad uviss på korleis 2023 vil utvikle seg.

Båtane dei har seld i år, bestilte kundane i fjor. Talet på nye kontrakter som er inngått hittil i år ligg så langt litt under talet på inngåtte kontrakter på same tid i fjor.

Westad seier det er nærliggande å tenkje at nedgangen heng saman med rente- og kostnadsnivå, men meiner det er for tidleg å konkludere så tidleg på året. Vêret så langt i år kan og ha spelt ei rolle, meiner han.

Dobla på 10 år
Det er typiske bruksbåtar som sel best, seier Westad. Det betyr båtar som tåler tøff bruk og som kan brukast på fiske, og Westad lanserer ein modell som er godkjent til bruk for yrkesfiskarar på messa.

I 2013 hadde Ferd Båt 51 millionar kroner i driftsinntekter. Selskapet har hatt ein nesten utbroten vekstkurve kvart år sidan, og har gått med overskot kvart år.

2022-rekneskapen er ikkje endeleg ferdig, men Westad anslår eit resultatet før skatt på mellom 5,8 og 6,8 millionar kroner.

Publisert: 03.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 02.03.2023 23:19