PE Bjørdal-tilsette fekk oppseiinga
Blir framleis jobba for ny drift i konkursråka Ørsta-bedrift.
Tysdag vart det sendt ut oppseiingar til alle dei 75 tilsette i konkursråka PE Bjørdal. Det opplyser bustyrar Jarand Knardal til NETT NO.
- Vi starta i føremiddag også vart det sendt ut til alle fortløpande utover dagen, fortel han.
Knardal fortel at det ikkje er aktuelt for konkursbuet å fullføre nokre av oppdraga som låg i ordreboka.
Etter at buet har oppgitt sine krav i bygget og anlegget, er det no banken og den tidlegare leiinga som i første rekke avgjer om det blir ny drift.
Nokre har starta å søke anna arbeid
Hovudtillitsvalt Kenneth Strand hadde ikkje fått si oppseiinga enno, då NETT NO snakka med han tysdag ettermiddag. Han var likevel innforstått med kva veg det bar.
- Eg har høyrt fleire har fått oppseiingane i dag, fortel han.
Nokre har allereie starta å søke anna arbeid, medan nokre har sagt dei vil vente.
- Blir spennande å følgje med
Klubbleiaren seier dei tilsette snakkar litt seg i mellom, og at dei er spente på kva utfallet blir dei neste dagane: Om det blir blåst nytt liv i den meir enn 100 år gamle bedrifta – eller om alle dei tilsette må finne anna arbeid.
- Om dei rette folka kjem inn, så kan det bli oppstart att ganske snart. Det blir spennande å følgje med dei neste dagane, seier Strand.
Optimistisk for ny drift
NETT NO fortalde måndag at Sparebank 1 SMN jobbar for ny drift – og banksjef Stig Brautaset har trua på ei løysing som inneberer meir arbeid for dei tilsette.
– Det er positiv interesse frå fleire hald, og eg er derfor optimistisk, sa han.
Publisert: 30.05.2023 20:11
Sist oppdatert: 30.05.2023 23:54