Jorgen Laake verftskonferansen foto Marius
GÅR TREGT: Jørgen Laake leiar servicekontoret for grøn flåtefornying i Grønt Skipsfartsprogram. Sjølv om han lokka med at råda deira er gratis, var bodskapen under Verftskonferansen i Ålesund tydeleg - høg økonomisk risiko for industrien er ei sperre for det grøne skiftet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Peika på sperrer og løysingar for grønt skifte

Støtteordningar til maritim bransje fungerer ikkje etter hensikta.

Marius Rosbach
05.11.2025

Berre eit fåtal av skipa som får støtte frå Grønt Skipsfartsprogram, blir realisert. Det blei tydeleg då Jørgen Laake som leiar servicekontoret for grøn flåtefornying i støtteordninga, var på scena under verftskonferansen i Ålesund tysdag. 

– Om ein les media kan ein få inntrykk av at det blir kontrahert grøne fartøy over ein lav sko, sa Laake – og understreka at realiteten er ein anna. 

Av 57 skip som har fått støtte frå Enova sidan 2020, er det berre 13 skip som faktisk er kome vidare frå teiknebordet. 

– Sjølv om Enova er heilt essensielt for å få desse båtane på vatnet, er det ikkje nok. Vi treng meir føreseielege rammevilkår som legg til rette for betre økonomi i desse prosjekta, sa han. 

Jorgen Laake 2 verftskonferansen foto Marius
FÅ SKIP BLIR REALISERT: Sjølv om Enova har gitt støtte til nær 60 skip er berre ei tital realisert, viste tal Jørgen Laake hadde med til verftskonferansen i Ålesund. Foto: Marius Rosbach

Peika på seks verkemiddel
Laake konkluderte med at betre risikofordeling er ein nøkkel – slik at bedriftene får sjansen til å tene pengar på investeringane dei gjer. 

Han drog fram seks verkemiddel som kan vere med å løyse utfordringane. 

  • Etablere eit maritimt fond, gjerne på same lest som NOX-fondet. 
     
  • Byggjelån før byggestart. Slik meiner han prosjekt som er lønsame, men som ikkje klarer å få finansiert byggeperioden, kan komme i gong. 
     
  • Innføre differansekontraktar: Sjølv om det er omdiskutert, trur Laake det kan vere eit effektivt verkemiddel i ei avgrensa periode.
     
  • Auke CO2-avgifta: I dag er avgifta på 1400 kroner per tonn og regjeringa legg opp til at den skal auke til 3500 tonnet i 2035. 
     
  • Senke EU-krav: FuelEU Maritime-regelverket til EU krev at skip ned til 5000 bruttotonn må redusere utsleppa. Om reglane blir endra til å gjelde mindre fartøy ned til 400 bruttotonn, kan det utløyse investeringar i større delar av skipsflåten. 
     
  • Styrke krav til berekraft i offentlege innkjøp: Laake fortalde at dei fleste oppfattar dette som eit «papirkrav», som i liten grad blir fulgt opp. 

Laake understreka at det ikkje var behov for statlege subsidiar for å ta i bruk dei ulike tiltaka. 

Alt om verftskonferansen 

Verftskonferansen 2025 salen foto marius
VENTELISTE: Salen på Scandic-hotellet i Ålesund var fullsett tysdag med kring 450 deltakarar og arrangørane måtte operere med venteliste. Foto: Marius Rosbach

For lite industriutvikling
Innlegget frå  Grønt Skipsfartsprogram var eitt av fleire på den første dagen av Verftskonferansen, som handla om at tempoet i det grøne skiftet var for slapt. 

Mellom anna designarane frå Salt Ship Design peika på korleis stor merksemd på forsking og utvikling, hadde gitt lite industriutvikling i bransjen. 

Dei meinte nyvinningane som er skapt, har hatt ein tendens til å ende opp som pilotprosjekt. 

Fleire sperrer mot omlegging
Jørgen Laake frå frå Grønt Skipsfartsprogram drog fram fleire årsaker til at omlegginga frå fossilt drivstoff gjekk sakte. 

– Den kjempestore bøygen er det «grøne» drivstoffet, som er mykje dyrare, sa han. 

Han peika også på at verft og utstyrsleverandørar er meir tilbakehaldne med å gi garantiar for skip bygd med ny teknologi, samtidig som vareeigarane er lite villige til å inngå kontraktar der dei betalar meir. 

– Det blir ein «høna og egget»-problematikk, konkluderte Laake. 

Publisert: 05.11.2025 05:00

Sist oppdatert: 04.11.2025 22:16

Mer om