(NPK-NTB-NETT.NO): Noregs Bank varslar at første rentekutt kjem i mars neste år. Førebels blir styringsrenta ståande på 4,5 prosent.
Det går fram av den nye rentebanen som Noregs Bank la fram torsdag.
Sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1 peiker på at sentralbanken må gjere ei risikovurdering når dei sett renta.
«Det er åpenbart at det er stor risiko for en videre svekket kronekurs fremover, enten ved mer uro i finansmarkedet, ved et større aksjemarkedsfall, eller ved Trumps politikk fra januar av», skriver Holvik i ein kommentar til rentenyheita.
USA-suksess kan gi svekka krone
Holvik viser til at USA sin sentralbank heva rentebana onsdag, med bakgrunn i tru på at Trump sin politikk fra januar av vil gi auka investeringar i landet.
«For Norges del vil en enda mer næringsvennlig politikk i USA kunne bidra til at flere velger å flytte både kapital og bedrifter til USA, noe som på marginen vil svekke den norske kronen», skriv Holvik vidare i sin kommentar.
Usikkerheita gjer at Norges Bank vil sjå an effekten inn i 2025. Om krona skulle svekke seg frå dagens nivå, vil det bli rentekutt i mars, meiner sjeføkonomen.
Ho meiner samtidig at det kun ligg an til eitt rentekutt til i løpet av året – til hausten.
Rentekutt blei utsett
Styringsrenta i Noreg har lege på 4,5 prosent sidan desember i fjor. Då hadde ho vorte sett opp i alt 14 gonger sidan ho låg på 0 prosent i 2021.
Tidlegare i år antyda sentralbanksjef Ida Wolden Bache eit første rentekutt i desember, men dette vart skubba ut i tid då Bache i juni sa at lønnsveksten i Noreg såg ut til å bli høgare enn det Noregs Bank hadde sett for seg.
Anslår 2,9 prosent rente ved utgangen av 2027
– Prognosen i denne rapporten indikerer ei styringsrente som blir gradvis sett ned frå første kvartal 2025. Samanlikna med førre rapport er prognosen for styringsrenta lite endra, men den indikerer litt mindre nedgang i renta i åra framover, heiter det i ei pressemelding frå banken.
– Vår vurdering er at det framleis er behov for ein innstrammande pengepolitikk for å stabilisere prisveksten rundt målet, men at tida snart er inne for å byrje å setje renta ned, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.
I pengepolitisk rapport heiter det at prognosen for styringsrenta er 2,9 prosent ved utgangen av 2027.
Publisert: 19.12.2024 11:02
Sist oppdatert: 19.12.2024 11:06