Norske fiskarar får omtrent halvert makrellkvota si neste år. Det vil industrien merke.
– Det er veldig negativt at ressursgrunnlaget er dårlegare, seier Pelagia-sjef Egil Magne Haugstad til Nett No.
Medan fiskarane kan få heilt eller delvis kompensert for reduserte kvoter ved at prisane stig, er det tvert om for industrien.
Bransjen opplever i staden ein trippel negativ effekt, ifølgje Haugstad:
- Det blir mindre fisk å fordele dei faste kostnadane knytt til anlegga på.
- Det blir meir utfordrande å halde på dei faste tilsette, som har kompetansen som må til for å drive anlegga.
- Det blir tyngre å rekruttere til høgsesongane, fordi mindre fisk betyr mindre inntekt til dei sesongtilsette.
Skal stå i det
Pelagia-konsernet hadde 9,6 milliardar kroner i driftsinntekter og eit lite minus i årets ni første månadar i år (sjå tabell under).
Selskapet tek imot makrell på anlegga sine i Selje, Måløy og Kalvåg og Egersund.
Haugstad anslår at selskapet vil får ein inntektsreduksjon på grunn av redusert makrellfiske på omlag ein halv milliard kroner neste år.
– Pelagia har tenkt å stå i denne konkurransen, men at det blir utfordrande, er det ingen grunn til å underslå, seier han.
Pelagia har tenkt å stå i denne konkurransen, men at det blir utfordrande, er det ingen grunn til å underslå
| Pelagia Holding as (konsern) | ||
| Per 3. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 9628 | 10050 |
| Driftsresultat | 254 | 772 |
| Resultat før skatt | -28 | 523 |
Fleirnasjonal avtale
Denne veka vart Noreg, Storbritannia, Færøyene og Island samde om ein avtale om kvotekutt - og fordeling av makrellfisket.
Norske fiskarar får fiske 79 tusen tonn makrell neste år. Det er omlag ei halvering samanlikna med i år. Sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea anslår at norske fiskarar sine inntekter frå makrellfisket blir omlag 3,4 milliardar kroner i 2026.
I år fiska norske fiskararar for seks milliardar kroner, ifølgje Norges Sildesalgslag.
Publisert: 18.12.2025 05:00
Sist oppdatert: 17.12.2025 22:41






