Inger Marie Sperre foto Marius
VIL HA MEIR FISK: Inger-Marie Sperre i Brødrene Sperre bad politikarane bidra til at fiskeindustrien får moglegheit til å kjøpe meir råstoff til sin produksjon. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil ha hjelp til å foredle meir fisk i Norge

Inger-Marie Sperre ber politikarane vere hardare i klypa mot fiskebåtreiarane.

Marius Rosbach
05.09.2025

Det er steile frontar mellom fiskeindustrien og fiskebåtreiarane i synet på kva som skal skje med fisken som blir teke opp frå havet. 

Under eit valkamparrangement i regi av NHO bad Inger-Marie Sperre politikarane om hjelp til å sikre at industrien på land får meir fisk å foredle. 

Ho er sjef for fiskeindustribedrifta Brødrene Sperre, og har mellom anna vore styreleiar for bransjeorganisasjonen Sjømat Norge. 

– At fiskarane heller sel fisken til utlandet enn til fiskeindustrien her heime er eit problem som har blitt større dei siste åra. Vi ønsker at dei skal ha ein plikt til å tilby fisken til den norske industrien, seier Sperre.

Ho viser til at fleire fiskebåtreiarar dei siste åra har starta eigne salsselskap. Det meiner ho bidreg til at meir fisk blir fryst på havet, og selt rett til utlandet. 

– Ettersom reiarlaga har blitt større, har dei utvida verksemda og vil i staden selje fisken sjølv, seier ho.

– Eg må sjølvsagt konkurrere på pris
Sperre sitt ønske er at meir av fisken skal gå til industrien på land. Slik kan det bli meir verdiskaping og arbeidsplassar av fisken her heime.

– Eg må sjølvsagt konkurrere på pris med alle andre. Om kinesarane kan betale meir for fisken, så skal dei få den. Vi ber ikkje om subsidiar, men vi må få lov til å konkurrere om å kjøpe, seier Sperre. 

Fordi lite kvitfisk har vore tilbydt til industrien vart det innført ei ordning med auksjonsplikt for torsk og sei. Den førte til ei auke i tilgangen på råstoff til industrien samanlikna med tidlegare. 

Men det er framleis ikkje godt nok, meiner Sperre. 

Brødrene Sperre Foto Nanseth Media
ELLINGSØYA: Brødrene Sperre sitt anlegg på Ellingsøya. Inger-Marie Sperre er dagleg leiar i bedrifta og medeigar i Sperrefish-konsernet. Foto: Nanseth Media

Meiner auksjonsplikta blir omgått
Sperre meiner at fiskebåtreiarane i praksis ofte omgår reglane i auksjonsplikta, til eksempel med å tilby fisk til høg pris, eller i kvantum som ikkje passar industrien.

Ho viser óg til at Stortinget har gjort eit vedtak i samband med kvotemeldinga der dei bad om at meir enn 50 prosent av fisken skal ut på auksjon. 

– Salslaga verkar gi seg ein god dag i det. Eg meiner dei bør forstå samfunnsrolla si betre, og bidra meir til å skape større verdiar av fisken, seier ho. 

– Det er eit privilegium å få hente opp fisken frå havet, men det bør følgje med eit større ansvar for at det blir skapt verdiar for heile samfunnet, legg Sperre til. 

Eg meiner dei bør forstå samfunnsrolla si betre, og bidra meir til å skape større verdiar av fisken
Inger-Marie Sperre

– Vi gjer det vi kan kvar dag
Tore Roaldsnes er styreleiar i Surofi (Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag) og sjølv fiskebåtreiar i Bluewild.

Nett No bad han svare på kritikken frå Inger-Marie Sperre i Brødrene Sperre. 

– Vi gjer det vi kan kvar dag for å bidra til ein rettferdig og transparent marknad med tilgang på råstoff til fiskeindustrien til vårt distrikt, seier Roaldsnes. 

– Både Inger-Marie Sperre og veldig mange andre manglar fisk i dag. Det er sjølvsagt ein beklageleg situasjon, men har å gjere med at det er blitt lågare kvoter, samtidig som det er ein sterk marknad med høge prisar, legg han til.

Tore Roaldsnes foto Ogne
FLEIRE HATTAR: Tore Roaldsnes er styreleiar i Surofi som er fiskarane sin salsorganisasjon i Møre og Romsdal, og fiskebåtreiar i Bluewild. Foto: Ogne Øyehaug

Rapport viser at meir fisk går til auksjon
Roaldsnes meiner innskjerpinga av reglane med auksjonsplikt har ført til ei betring.

Han får støtte for det synet i ein rapport frå Nofima, som viste at heile 75 prosent av frosen torsk og sei blei tilbydt på auksjon i åra 2022 og 2023. 

– Auksjonsplikta har vore omstridd. Vi har aktørar både i nord og sør som er heilintegrerte konsern med eigne anlegg. Dei ser på fisken som sin fisk, og vil jobbe med den i marknaden som dei sjølv ønsker. På den andre sida har vi industrien. Vi prøvar å balansere dette her på ein god måte, seier Roaldsnes.

Eksempel på brot med regelverket
Nofima-rapporten viste samtidig at det var eksemplar med høg startpris og store auksjonspakkar – der hensikta med regelverket blir brote. 

Det er ei stadfesting av at reglane blir omgått, påpeiker Sperre. 

– Og at 75 prosent vart tilbydt på auksjon, er lite interessant når det er rigga slik at den reelt sett ikkje er mogleg å kjøpe på fleire av auksjonane, legg Brødrene Sperre-sjefen til.

Rapporten konkluderer óg med at meir fisk truleg ville blitt selt gjennom auksjonane, om regelverket blei justert. 

Roaldsnes: – Er gjensidig avhengige av kvarandre
Til påstanden frå Sperre om at salslaga bør forstå samfunnsrolla si betre - og at reiarane bør ta eit større ansvar for å skape verdiar frå fisken, svarar Roaldsnes slik:

– Både som styreleiar i Surofi og fiskebåtreiar, er vi interessert i å gjere det vi kan for å halde på ein levedyktig fiskeindustri. Det er eit sterkt ønske å utvikle den landbaserte industrien, for vi er gjensidig avhengige av kvarandre. 

I møte med politikarane sa Sperre også at ho meinte fiskebåtreiarane stilte seg «lagleg til for hogg» for ei innføring av grunnrenteskatt på bransjen, ved at dei ikkje medverka meir til større verdiskaping. 

 Den vurderinga delar ikkje Roaldsnes.

– Om fiskebåtreiarane utelukkande hadde tenkt profittmaksimering med eksport av uforedla råstoff, så hadde eg vore samd. Men det er ikkje situasjonen. Vi er opptekne av å utvikle dette i lag gjennom eit godt samarbeid med industrien, svarar han. 

Publisert: 05.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 04.09.2025 22:50

Mer om