Det er sett av fire dagar - 11-14. august - i Fjordane Tingrett til striden mellom Pelagia og Nergård Pelagic.
Nergård Pelagic er ein del av Nergårdkonsernet, der tidlegare Welcon-sjef Arne Stang og tidlegare Pan Fish-topp Bjarte Tunold blei storaksjonærar i 2010. Pelagia - som mellom andre slukte Norway Pelagic i Ålesund - er eigd av Austevoll Seafood og Kvefi, med høvesvis Møgster-familien i Austevoll og laksemilliardær Gustav Witzøe i ryggen. Selskapet er det største pelagiske fiskeindustriselskapet i Noreg.
Nergård Pelagic er i full gang med førebuingane til eit anlegg som kan produsere inntil 35.000 tonn fiskemjøl og 20.000 tonn fiskemjøl i året, rett ved sidan av anlegget Pelagia alt har på Trollebø-området i Vågsøy. I denne veka kunngjorde Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at merknadar til søknaden om utsleppsløyve frå anlegget må sendast innan 1. september.
Pelagia sitt syn er at det ligg ein klausul på eigdomen - frå då eigedomen vart kjøpt ut av Pelgaia - som gjer at det ikkje kan drivast fiskemjøl-, fiskeolje- eller konsumanlegg for sild- og makrell på staden.Det er Nergård Pelagic ikkje samd i.
I første omgang vil Nergård Pelagic bygge fiskemjøl- og fiskeoljeanlegg, men på lenger sikt blir det vurdert å også reise eit anlegg som kan bearbeidet sild- og makrell for konsum, sa administrerande direktør Tommy Torvanger i Nergård-konsernet til NETT NO i februar i år.
Han selde seg ut til børsnoterte Austevoll Seafood, som tok med seg Welcon inn i Pelagia, der børsnoterte Austevoll Seafood og investeringselskapet Kvefi eig halvparten av aksjane kvar.
Anlegget til Ulvesund Fôrmelfabrikk og den store planerte tomta ved sidane av, vart kjøpt ut av det som i dag er Pelagia.
Kjøpar var Ulvesund Eiendom og Industriutvikling, med Bjarte Tunold og Arne Stang som eigarar. 21. januar i år vart selskapet varsla slått saman med Nergård Pelagic, eit datterselskap i Nergård-konsernet.
Nergård Pelagic er ein del av Nergårdkonsernet, der tidlegare Welcon-sjef Arne Stang og tidlegare Pan Fish-topp Bjarte Tunold blei storaksjonærar i 2010. Pelagia - som mellom andre slukte Norway Pelagic i Ålesund - er eigd av Austevoll Seafood og Kvefi, med høvesvis Møgster-familien i Austevoll og laksemilliardær Gustav Witzøe i ryggen. Selskapet er det største pelagiske fiskeindustriselskapet i Noreg.
Nergård Pelagic er i full gang med førebuingane til eit anlegg som kan produsere inntil 35.000 tonn fiskemjøl og 20.000 tonn fiskemjøl i året, rett ved sidan av anlegget Pelagia alt har på Trollebø-området i Vågsøy. I denne veka kunngjorde Fylkesmannen i Sogn og Fjordane at merknadar til søknaden om utsleppsløyve frå anlegget må sendast innan 1. september.
Strir mot klausul
Dagleg leiar Egil Magne Haugstad i Pelagia sa til NETT NO i februar i år at Nergårdkonsernet gjerne må bygge fabrikkar på den aktuelle eigedomen i Måløy, men å drive dei på tomta som er omtalt i media går ikkje.Pelagia sitt syn er at det ligg ein klausul på eigdomen - frå då eigedomen vart kjøpt ut av Pelgaia - som gjer at det ikkje kan drivast fiskemjøl-, fiskeolje- eller konsumanlegg for sild- og makrell på staden.Det er Nergård Pelagic ikkje samd i.
Skal stoppe bygging
Hovudmålet med søksmålet er få fastsett at klausulen som forbyr eit konkurrerande anlegg på tomta som Nergård Pelagic rår over er gyldig, seier Pelagia sin advokat, Svein Aage Valen. Pelagia vil og ha eit midlertidig forbod mot bygging av anlegg, inntil striden om klausulen er avgjort.I første omgang vil Nergård Pelagic bygge fiskemjøl- og fiskeoljeanlegg, men på lenger sikt blir det vurdert å også reise eit anlegg som kan bearbeidet sild- og makrell for konsum, sa administrerande direktør Tommy Torvanger i Nergård-konsernet til NETT NO i februar i år.
Comeback for Stang
Som medeigar i Måløy Sildoljefabrikk og seinare Welcon medverka investoren Arne Stang i å samle den pelagiske industrien i Noreg på færre hender.Han selde seg ut til børsnoterte Austevoll Seafood, som tok med seg Welcon inn i Pelagia, der børsnoterte Austevoll Seafood og investeringselskapet Kvefi eig halvparten av aksjane kvar.
Anlegget til Ulvesund Fôrmelfabrikk og den store planerte tomta ved sidane av, vart kjøpt ut av det som i dag er Pelagia.
Kjøpar var Ulvesund Eiendom og Industriutvikling, med Bjarte Tunold og Arne Stang som eigarar. 21. januar i år vart selskapet varsla slått saman med Nergård Pelagic, eit datterselskap i Nergård-konsernet.
Publisert: 24.07.2015 15:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45