Pionerfylke for matreiser
MAT TIL UTSIKTA: Turistane skal ikkje kome til Nordvestlandet berre for utsikta, men også for maten. Nytt prosjekt kartlegg korleis det skal gjerast. 
Nytt

Pionerfylke for matreiser

Møre og Romsdal er først ut med strategi for mat og reiseliv.

18.12.2015
(NPK): Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren leier arbeidet med å lage ein strategi for lokalmat og reiseliv i Møre og Romsdal.
Både blå og grøn sektor skal koplast saman med reiselivet i ei satsing som kan minne mykje om tilnærminga frå europeiske matregionar, .

Lære av Europa

Noreg har til no i stor grad fokusert på det enkeltprodukt og den enkelte produsenten, men det som kjenneteiknar store matregionar ute i Europa, er tydeleg forankring i levande lokal kunnskap og matpraksis. Det er dette som gjer det spennande for turistar å besøkje ein slik region.
Møre og Romsdal er no først her i landet med ambisjon om å utvikle ein heilskapleg regional strategi for korleis lokalmat og reiseliv kan koplast betre saman. Fylkeskommunen og den regionale partnarskapen er oppdragsgjevar/prosjekteigar. HLB i Rogaland har vunne det offentleg utlyste oppdraget med å leie dette arbeidet.

Brei mobilisering

– Møre og Romsdal har fantastisk natur, rike kulturtradisjonar og mange levande lokalsamfunn både langs kysten og i innlandet. Attraktiviteten som reisemål er høg. Ei rekke produsentar har alt kome langt på lokalmatsida. Det meste ligg difor til rette. Det vi treng no er målretta kunnskapsproduksjon, engasjement, brei medverknad og gode idear, seier prosjektleiar Dag Jørund Lønning til nettstaden.
HLB vil leggje stor vekt på brei involvering og tydeleg forankring i lokal kunnskap, tradisjon og aktivitet.
Professor Dag Jørund Lønning ser prosjektet som nyskapande i norsk samanheng.
– Ei slik satsing har vi venta lenge på i Noreg. Mat er viktig i reiselivssamanheng – om vi no kjem utanfrå eller er reisande i vår eigen region. Men det har vore for mykje fokus på enkeltprodukt her i landet, og for mange «sit på eiga tuve», seier Lønning. (©NPK)

Publisert: 18.12.2015 13:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51