Neste sommar kan MMC First Process ifølgje planen flytte inn i større lokale ved Herøy-avdelinga. Det skjer ved at eksisterande bygg blir utvida mot sjøen.
– Vi får kring 600 nye kvadratmeter med produksjonsareal, i tillegg til dei 1.300 kvadratmeterane vi har i dag. Det gir oss plass til 60 nye arbeidsplassar, fortel administrerande direktør Lars Erling Krogh til Nett No.
Samtidig bygger dei ei 60 meter lang kai som utvidar moglegheitene for serviceoppdrag.
– Utvidinga av kontor- og produksjonsareal og ny kai er ein stor strategisk satsing for oss, og gjer tydeleg våre vekstambisjonar. Vi har tenkt til å vekse vidare, og då treng vi meir kapasitet. Det får vi no, legg Krogh til.
Kan gjere service rett utanfor døra
Avdelinga på Mjølstadneset driv også produksjon, men mest ettermarknad og service. Med ny kai kan kundane kan legge til rett utanfor døra deira.
– Då kan kundane våre frå brønnbåtselskapa legge til kai her og få service direkte på utsida av våre fasilitetar. Den moglegheita har vi ikkje hatt tidlegare, seier Krogh.
I dag gjerast slike serviceoppdrag på ulike måtar, men ofte er MMC First Process sine folk nøyd til å reise til anlegg der båtane ligg.
Den nye kaia kjem mellom Egersund Herøy som allereie har kai, og Teigenes-reiarlaget, som er i er i full gang med å bygge ny kai.
Det er vald ein lokal entreprenør til å gjere arbeidet, men Krogh vil ikkje avsløre kven det er enno.

– Tilbake på det nivået vi bør vere
Utvidinga og kaibygginga er ei stadfesting av at MMC First Process opplever auka aktivitet i marknaden.
Dei siste åra har store delar av leverandørane til oppdrett vore gjennom ein tung periode. Etter at det lakseskatten kom på bordet opplevde heile bransjen ordretørke.
– Vi ser ein betring i marknaden, og i 2025 er vi tilbake på det nivået vi bør vere. Både inneverande år og neste år ser lyse ut, legg han til.
I 2022 og 2023 enda omsetninga rett under milliarden og lønnsemda blei kraftig svekka, samanlikna med tidlegare.
Rekneskapen for fjoråret er ikkje offentleg enno, men Krogh seier at det vart eit år «under pari».
Tok over som toppsjef i fjor
Dei fleste av dei kring 220 tilsette i MMC First Process jobbar ved dei store avdelingane i Herøy og på Digernes i Ålesund.
Oslomannen Krogh overtok leiarstillinga i MMC First Process etter Petter Leon Fauske i fjor.
Tidlegare har han mellom anna hatt leiarstillingar og aktiv eigar i brønnbåtselskapet Intership. Då pendla han til Sunnmøre, men han har no skaffa seg leilegheit i Ålesund.
Publisert: 28.04.2025 05:00
Sist oppdatert: 28.04.2025 01:34






