NPK: Mattilsynet melder om at det er påvist infeksiøs lakseanemi (ILA) ved Mowis sjølokalitet Voldnes på grensa mellom Herøy og Sande kommune.
Det vart varsla mistanke om ILA på fisk ved lokaliteten 17. januar. Mattilsynet stadfesta ILA-diagnosen 29. januar.
Det er inspeksjon av fisken ved anlegget, obduksjonsfunn og analyseresultat frå Veterinærinstituttet som ligg til grunn for diagnosen.
– Mowi starta utslakting av lokalitet Voldnes den 21. januar og etter slakteplanen skal anlegget vere tømt innan 2. februar, skriv Mattilsynet.
Det blir om kort tid oppretta eit kontrollområde rundt lokaliteten for å førebyggje, avgrense og nedkjempe sjukdommen. Området er venta å ha ein utstrekning på 10–20 kilometer frå lokaliteten.
Det vart varsla mistanke om ILA på fisk ved lokaliteten 17. januar. Mattilsynet stadfesta ILA-diagnosen 29. januar.
Det er inspeksjon av fisken ved anlegget, obduksjonsfunn og analyseresultat frå Veterinærinstituttet som ligg til grunn for diagnosen.
787.000 fisk
Mowi har tidlegare opplyst til at det stod 787.000 fisk på lokaliteten da mistanken kom.– Mowi starta utslakting av lokalitet Voldnes den 21. januar og etter slakteplanen skal anlegget vere tømt innan 2. februar, skriv Mattilsynet.
Det blir om kort tid oppretta eit kontrollområde rundt lokaliteten for å førebyggje, avgrense og nedkjempe sjukdommen. Området er venta å ha ein utstrekning på 10–20 kilometer frå lokaliteten.
Publisert: 31.01.2020 08:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51






