Offshore Simulator Centre foto Offshore Simulator Centre 11 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
VEKST: Det er datterselskapet Augmentcity som skal vekse mest framover ventar Offshore Simulator Centre. Augment City lagar simuleringsprogram for byplanlegging og samfunntuvikling. Foto: Offshore Simulator Centre.
Nytt

Planlegg emisjon for vekst

Offshore Simulator Centre har nettopp gjennomført ei kapitalutviding, og planlegg ei til.

01.07.2021

NTNU har gått inn med tre millionar kroner og dei tilsette med tilsaman ein halv million kroner i Offshore Simulator Centre.

Poenget med kapitalutvidinga er å finansiere veksten Offshore Simulator Centre ser for seg, og arbeider for å få til, i åra framover.

Veksten skal kome i morselskapet Offshore Simulator Centre og ikkje minst i datterselskapet Augment City. Selskapa aukar arbeidsstokken.

I løpet av eitt års tid er mål å ha gjennomført nok ei kapitalutviding, "vesentleg større" enn den som nettopp er gjenomført, ifølgje økonomisjef Jan-Peter Mork i Offshore Simulator Centre.

Kapitalutvidinga blir førebudd i samarbeid med investeringsrådgivar- og kapitalforvaltningsselskapet Converto i Ålesund.

Mork vil ikkje talfeste den neste kapitalutvidinga meir nøyaktig og seier det førebels ikkje er teke stilling kor mange og kva type investorar selskapet vil prøve å få med seg.

Offshore Simulator Centre blei skipa for å tilby simulatortrening til skipsoperasjonar, og hadde opphavleg først og fremst offshorereiarlag som kundar.

Simulatortrening til skipsoperasjonar er framleis den viktigaste verksemda til Offshore Simulator Centre. Men i staden for å basere seg på at kundane skal kome til Ålesund for å trene, har selskapet sett opp simulatorar for kundar verda rundt, og utvikle og levere programvaren til simulatoranlegg andre stadar.

Byplanlegging og samfunnutvikling
Augment City driv med byplanlegging ved hjelp av simulering. Simuleringsverktøyet skal gjere det lettare å analysere konsekvensane av ulike byutviklingsalternativ i ein såkalla digital tvilling av byen. Blant brukarane er Bodø, som skal bygge ein heilt ny bydel når flyplassen i byen blir flytta.

Førebels er simuleringsmodellane på pilotstadiet, men neste år vil dei vere så utvikla at dei kan lanserast kommersielt.

I fjor hadde Augment City sju millionar kroner i driftsinntekter, i år ligg det an til 14 millionar, ifølgje Mork.

Ny eigarstruktur
Før kapitalutviding i år eigde Solstad Offshore, Sintef Ocean, NTNU og Kongsberg Maritime CM 25 prosent kvar i selskapet. (Solstad Offshore blei eigar etter at selskapet tok over Farstad Shipping. Kongsberg Maritime CM - tidlegare Rolls-Royce Marine - er slått saman med Kongsberg Maritime frå årskiftet)

Berre NTNU var med på kapitalutvidinga i år. NTNU gjekk inn med tre millionar kroner og eig no 38 prosent av aksjane.

Dei tilsette som gjekk inn med en halv million kroner gjennom selskapet Team OSC og eig to prosent, medan dei tre andre opphavlege eigarane sin eig omlag 20 prosent kvar.

Offshore Simulator Centre as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter44,948,3
Driftsresultat1,21,2
Resultat før skatt0,91,8
Augmentcity as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter7,01,5
Driftsresultat0,30,4
Resultat før skatt0,30,4

Publisert: 01.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 21.03.2022 18:30

Mer om