Planlegg kapitalutviding trass korona
LEGEMIDDELINDUSTRI: Arctic Nutrition blei tatt opp som medlem i Legemiddelforeningen i 2018. Her er administrerande direktør Karita Bekkemellom i Legemiddeforeningen under eit besøk hos Arctic Nutrition, med dagleg leier Ole Arne Eiksund som vert. Arctic Nutrition er første selskap på Nordvestlandet som er blitt medlem i Legemiddelforeningen.
Nytt

Planlegg kapitalutviding trass korona

Arctic Nutrition med kapitalutviding til hausten. 

15.04.2020
Selskapet i Hovdebygda i Ørsta utviklar medisin mot hudsjukdomen psoriasis basert på silderogn, og den planlagte kapitalutvidinga skal vere med å finansiere andre runde av forsking på dei medisinske effektane av produktet.
Resultata frå utprøving av produktet på ei gruppe pasientar ved Haukeland Universitetssjukehus var positive, og ein vitskapleg artikkel om funna derifrå er akseptert for publisering i eit medisinsk tidsskrift, seier dagleg leiar Ole Arne Eiksund i Arctic Nutrition.

Uro og uvisse

Den planlagte kapitalutviding var opphavleg tenkt gjennomført i sommar. No vil selskapet dele kapitalutvidinga i to. Grunnen er at koronakrisa skaper uvisse og uro i kapitalmarknaden som gjer det vansklegare å reise pengar no.
Målet å hente inn eitt beløp i år, og resten seinare.
Førre kapitalutviding vart gjort våren 2019, der fleire investorar på Nordvestlandet gjekk i med 46 millionar kroner i ei kapitalutviding som verdsette selskapet til 280 millionar kroner.

Eiksund seier andre runde med studier skal starte hausten 2021 og at ei utsett kapitalinnhenting til slutten av året eller tidleg neste år ikkje får konsekvensar for framdrifta. Andre runde med studier blir ein kopi av forsøka som er gjort i Bergen, men i større omfang og i fleire land.
Ein tredje og verdsomspennade studie er planlagt å starte i 2023 og forventinga er å få markedsføringsløyve i 2025/2026.

Helsekostvekst

Fram til kapitalutvidinga i 2019 har Arctic Nutrition finansieret legemiddelsatsinga si med inntektene frå helsekostprodukta sine, som også er basert på silderogn.
I fjor passerte selskapet 30 millionar i driftsinntekter. Det er ny rekord og ein vekst på 5,2 million kroner frå 2018 (sjå tabell).
Eiksund ventar vekst også i år. Så langt ser ikkje helsekostmarknaden til å vere like hardt råka av koronakrisa som handel ellers, men koronakrisa gjer det vanskeleg å spå om utfallet for 2020, i følgje Eiksund.
I Noreg og Kina satsar selskapet i ferdigvaremarknaden, i Europa og USA sel selskapet produkta sine i bulk til helsekostprodusentar der.

Fabrikk til 166 millionar

Lukkast Arctic Nutrition med legemiddelsatsinga si skal produksjonen foregår i Hovdebygda der selskapet har hovudkontor. Den eldste delen av den tidlegare dameundertøyfabrikken skal rivast og eit nybygg skal reisast.
Fullt utbygd er det snakk om ei investering på 166 millionar kroner. Eiksund håpar selskapet kan ta ei avgjerd om byggestart i år. Bygginga er planlagt å ta 18-24 månadar.

Publisert: 15.04.2020 13:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56