Podcast: Håpar uro kan føre til ny industrialisering
Inger-Marie Sperre trur på heimflytting av arbeidsplassar - om politikarane vil. Ho er gjest i Podium med NHO-sjefen.
«Uro» var tema for NHO sin årskonferanse i Ålesund – med krig, prisgalopp og skatteskjerpingar som ein del av bakteppet. Må næringslivet på Nordvestlandet bu seg på at usikkerheit er den nye kvardagen? Og kan uro vendast til noko positivt?
Vi inviterte NHO-sjef Ole Erik Almlid og styrenestleiar Inger-Marie Sperre i Sjømat Norge til Podium-studioet.
Høyr episoden:
E20/S4 Uro – krise eller moglegheiter ? - med NHO-sjefen og Inger-Marie Sperre
Kritikken mot regjeringa sine skatteskjerpingar på næringslivet var
mellom temane som engasjerte i studio. Formuande nordmenn som flyttar
til Sveits vart óg diskutert, saman med skatteflyktnigar.
- Når de drar, så etterlater de seg et tomrom. Jeg er mer bekymra
over det tomrommet, enn beløpet på skatteseddelen, seier Inger-Marie
Sperre.
Ho meiner samtidig den globale uroa er ein sjanse til å skape ny industri her til lands.
- Kanskje kan det føre til ei slags reindustrialisering i Norge, seier Sperre i episoden.
Ho er sikker på at hennar næring har moglegheit til å flytte mange arbeidsplassar til Norge for å foredle fisken, framfor å sende den utomlands.
- Men då må nokon fortelje oss at vi skal gjere det, og legge til rette for at dei arbeidsplassane blir skapt, legg ho til.
Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christan Vadseth. Episoden er produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no
Podium er ein podkast på NETT NO om og for næringslivet på Nordvestlandet i samarbeid med advokatfirmaet Adviso. Podcasten er eit annonseprodukt.
E20/S4 Uro – krise eller moglegheiter ? - med NHO-sjefen og Inger-Marie Sperre
Publisert: 27.01.2023 09:23
Sist oppdatert: 28.01.2023 17:46