Politiet har ingen mistanke om falske papir
VARD LANGSTEN: Vard-verftet i Tomrefjorden har flest gjestearbeidarar i Vestnes, men også Aas Mek. Verksted og Solstrand verft har betydeleg utanlandsk arbeidskraft. 
Nytt

Politiet har ingen mistanke om falske papir

Politiet roser bedrifter og tilsette - og fortel kvifor det ikkje er mistenkeleg at mange verftsarbeidarar testa positivt på korona.

Marius Rosbach
03.02.2021
Det vekte oppsikt då fleire enn 80 verftsarbeidarar i Vestnes testa positivt på korona i januar, trass i at dei hadde papir på negative prøver i heimlandet. Per i dag har politiet likevel ingen grunn til å tru at noko av dei kom med falske attestar.
– I media har det vore omtala at det skal vere lett å få tak i slike attestar, og vi er klar over at det er slik, fortel politioverbetjent Vebjørn Bale til NETT NO.

– Ikkje isolert sett mistenkeleg

Tenestestadsleiaren for politiet i verftskommunen fortel at dei, saman med kommune og bedrifter, lenge har planlagt korleis smittevernet skulle bli oppretthaldt når fleire enn 1000 arbeidarar kom tilbake på jobb etter juleferie.
– Ut frå det vi veit om korleis det smittar, så er det ikkje isolert sett mistenkeleg at ein del testar positivt etter at dei kjem til Norge, fortel Bale.
Krava har vore skjerpa frå at ein negativ test skulle vere tatt 72 timar før gjestearbeidarar kom til landet, til 24 timar før.
Politioverbetjenten viser til at arbeidarane gjerne kan bli utsett for smitte i etterkant av testen, når dei tek farvel med personar heime, eller på reisa. Innreisa til dei som testa positivt i januar, var spreidt over tid og arbeidarane kom til landet både med bil, buss og fly.
Førre veke innførte regjeringa innreisestopp som i utgangspunktet gjeld for alle frå utlandet. Førebels skal ikkje dette ha ført til større problem for til dømes verfta, eller entreprenørane som jobbar på Nordøyvegen.

Kan bli oppretta straffesaker

Bale fortel at det vil vere naturleg at det blir oppretta straffesak om dei kjem over attestar som er openberre falske. Per no ser han ingen grunn til at dokumentasjonen bør gåast nærare etter i saumane.
– Vi har kontrollert dei, og det er ingenting som tilseier at nokre av papira er falske, fortel han.
Bale påpeiker også at ei etterforsking vil innebere at politiet må be styresmaktene i eit anna land opne ei sak av eit mistenkt straffbart forhold som har skjedd utanfor Norge.

Ingen smitte til lokalsamfunnet

Politioverbetjenten fortel at det viktigaste målet deira, heile tida har vore å hindre at smitte spreiar seg til lokalsamfunnet, og at smittevern- og karantenereglar blir følgt.
– Til tross for at fleire enn 80 har fått påvist smitte, er det all grunn til å rose både bedriftene og arbeidarane som har kome hit. Etter det vi kjenner til har dei heile tida opptrådt i tråd med dei rutinane som er fastsett av styresmaktene og internt i bedrifta, legg han til.
Han påpeiker også at det ikkje er påvist smitte frå verftsarbeidarar i kommunen, til andre i lokalsamfunnet.

Les også:





Til tross for at fleire enn 80 har fått påvist smitte, er det all grunn til å rose både bedriftene og arbeidarane som har kome hit

Publisert: 03.02.2021 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14