Stad skipstunnel kjøde
Slik kan skipstunnelen sjå ut når han står ferdig om nokre år. Illustrasjonen viser innseglinga frå Kjøde − i den nordlege enden av skipstunnelen. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta / NTB / NPK
Nytt

Prioriterer skiptunnelen

Utset Møreaksen.

22.03.2024

NPK-NTB: Tunnelen som skal ta skipstrafikken forbi det utsette havområdet utanfor Stad i Vestland, er prioritert i regjeringsforslaget til transportplan.

I perioden 2022 til 2024 er det sett av 240 millionar kroner til skipstunnelen, melder Bergens Tidende.

I planperioden er det prioritert 3,2 milliardar kroner til til prosjektet.

Anbodskonkurransen for prosjektet er planlagd med oppstart i 2024 og ferdigstilling i 2025.

Les pressemelding frå Samferdselsdepartementet her

Molde-Ålesund på vent
Den nordre delen av Møreaksen som skal gjere det ferjefritt å køyre mellom Ålesund og Molde er ikkje ein del av Nasjonal transportplan.

Ifølgje samferdselsminister Jon-Ivar Nygård ville denne delen ha kosta 17,7 milliardar kroner.

– Sidan vi ikkje prioriterer dei aller største prosjekta er det også mogleg med ei meir fleksibel oppfølging av planen.

Ifølgje Romsdals Budstikke skal Møreaksen byggjast, men prosjektet blir delt opp i etappar.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp), leiar for Stortingets transport- og kommunikasjonskomité, opplyser at dei vil sjå på om Statens vegvesen kan starte utbygginga av Møreaksen frå Molde-sida.

– Då tenkjer vi oss tunnelen gjennom Molde og veg til Julbøen. Flytting av ferjeleiet frå Molde til Julneset. Og hengjebrua frå Julneset over til Otrøya, seier Gjelsvik til avisa.

Utsett på ubestemt tid
I regjeringsforslaget til Nasjonal transportplan skriv dei at dei vil utsetje bygginga av Hordfast.

Regjeringa skriv i forslaget sitt til NTP at dei vil «vurdere prosjektet ved ei seinare rullering av porteføljen når handlingsrommet tillèt det.». Det skriv Bergens Tidende.

Dei meiner likevel at prosjektet må fullførast.

– Det er bra at regjeringa skyv på Hordfast, men eigentleg burde dei droppa prosjektet heilt, meiner Raudts Sofie Marhaug.

Hordfast er eit planlagt ferjefritt samband på E39 mellom Stord og Os i Vestland. I dag går E39 mellom Os og Stord via ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg. Hordfast er ein del av prosjektet Ferjefri E39 med mål om å gjere heile stamvegen på Vestlandet ferjefri.

100 milliardar i bompengar
I framlegginga av Nasjonal transportplan kjem det fram at regjeringa planlegg å finansiere delar av planen med 100 milliardar kroner i bompengar.

Den samla økonomiske ramma til regjeringa på 1308 milliardar kroner blir finansiert med 1208 milliardar i statlege midlar. 100 milliardar skal betalast av bilistane i form av bompengar.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier bompengar er eit viktig verkemiddel for å få finansiert ny veg, og han fryktar ikkje kritikk for bompengesummen i denne utgåva av nasjonal transportplan.

– Det er sånn at vi brukar mindre bompengar enn forgjengarane våre. Ketil Solvik-Olsen (Frp) brukte 34 milliardar meir enn meg, Hareide (KrF) brukte 23 milliardar meir enn meg, så eg veit ikkje heilt kvar den kritikken skal komme frå når det gjeld den politiske fellesskapen, seier Nygård.

Publisert: 22.03.2024 12:58

Sist oppdatert: 22.03.2024 12:58