Pris for største verdiskapingspotensiale
Stryn-elevar til topps i entreprenørskap-kategoriar.
Ideen om å lage eit rullebrett til maling, basert på resirkulerte tremateriale, førte Greener Paint til topps i to kategoriar i Vestland-finalen i Ungt Entreprenørskap tysdag.
Odina Ullebø Hool, Jonas Thaule og Håvard Tonning ved Stryn vidaregåande skule blei kåra til ungdomsbedrifta med størst verdiskapingspotensiale og bedrifta med det beste samarbeidet med næringslivet.
Greener Paint fekk også tredjeplass i kategorien Beste forretningsplan.
Har funne produsent
Tonning seier dei no har funne ein produsent til rullebretta, slik at selskap kan vise fram produktet og ikkje berre ideen når NM for ungdomsbedrifter går av stabelen seinare i år.
Multiflask frå Stryn Vidaregåande skule fekk tre tredjeplassar, i kategoriane Beste videopitch, Størst verdiskapingspotensiale og Best samarbeid med næringslivet.
NM for ungdomsbedrifter er ein konkurranse for elevar på vidaregåande skule, der målet er å fremme vilje, evne og kunnskap til å starte og drive nye bedrifter.
Oversikt over vinnarane i dei ulike kategoriane i Vestlandfinalen finn du her
Oppmuntrar til gründerskap
Ungt Entreprenørskap er en stiftelse som arbeider for å oppmuntrer til gründerskap hos studenter og elever.
Onsdag var det fylkesmesterskap i Møre og Romsdal for ungdomsbedrifter, som er bedrifter som er startet av elever i videregående skoler.
Det arrangeres tilsvarende konkurranser også for elever i ungdomsskolen og for studenter.
E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.
Publisert: 16.03.2021 15:06
Sist oppdatert: 19.03.2021 08:05